Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Epilepsi - antiepileptisk behandling

Medisin mot epileptiske anfall vil førebygge og redusere risikoen for nye anfall.

Epilepsi er ein av dei mest vanlege sjukdomane i nervesystemet. Epilepsi er ikkje éin sjukdom, men ei paraplynemning på ei rekkje kroniske tilstandar med ulike årsaker og prognose. Fellesnemnaren er tilbakevendande epileptiske anfall.

Les meir på helsenorge.no

Dei fleste som har epilepsi, to tredjedelar, har god effekt av medisin og er lite plaga av anfall.

Tilvising og vurdering

Fastlegen tilviser deg til nevrolog for utgreiing og behandling av epilepsi.

Tilvisinga må innehalde ein god anamnese, med beskriving av kor lenge anfalla varer, omfanget av anfalla og kor ofte dei førekjem.   
 

 
Resultata frå klinisk nevrologisk undersøking skal også følge med tilvisinga.    

 


 


 

Før

Det er ingen førebuingar til denne behandlinga. 
Ta med utskrift av oppdatert medikamentliste frå fastlegen når du kjem til time hos nevrolog.


 


 

Under

Nevrologen vil gjere ei individuell vurdering av den enkelte pasienten før han eller ho vel aktuell medisin mot epilepsien din. 

Det er ei rekke ting vi må ta omsyn til ved val av medisin, som kva slags epilepsi du har, alderen din, andre sjukdommar, om du bruker annan medisin, kva fase av livet du er i (for eksempel om du er i fertil alder), og vekta di.

 

Kva gjer du viss du har gløymt ei dose av medisinen, kastar opp eller har diaré?

Gløymt dose, barn 0–18 år:

  • Gløymt morgondose og oppdagar dette før lunsj:
    • Gi dosen straks. Kveldsdose blir gitt til vanlig tid.
  • Gløymt morgondose og oppdagar dette etter lunsj:
    • Gi berre kveldsdose til vanleg tid.
  • Gløymt kveldsdose og oppdagar dette neste dag:
    • Gi berre vanleg morgondose.

Gløymt dose, vaksne:

Ved gløymt dose av epilepsimedisin blir det anbefalt for vaksne å ta denne dosen så raskt som mogleg, også der dette betyr å ta den saman med neste dose.

 
Individuelle omsyn må bli tatt av den enkelte.

 

Oppkast (gjeld barn og vaksne) etter gitt dose:

  • Oppkast innan 30 min:
    • Gi/ta ny dose.
  • Oppkast etter 30 min til 2 timar:
    • Vanlege tablettar: Gi/ta halve dosen
    • Mikstur: Ikkje gjenta dosen.
    • Depot*- eller enterotablettar: Dosen blir gjentatt. 
(*Depottablettar kan også ha nemninga «retard» eller «long»)

 

Diaré (gjeld barn og vaksne)

Medisin blir likevel tatt opp i kroppen via blodbanen: Ingen ekstra dose skal bli tatt.

 


 

Etter

Du må gå til kontroll hos nevrolog så lenge du ikkje har god anfallskontroll. 

  • Når du har vore utan anfall i eitt til to år, vil det vere aktuelt med vidare oppfølging hos fastlege.
  • Det er vanleg å ta blodprøver for å måle mengda av legemiddel i blodet og andre blodprøver, som del av oppfølginga av epilepsimedisinar for å tilpasse denne til den enkelte.


 


 

Ver merksam

Pasientar som får anfallsdempande behandling kan oppleve trøyttleik, påverknad av levra og hudutslett.

 
  • Dersom du får kraftige utslett på huda, stopp med medisinane og ta kontakt med nevrolog, fastlege eller legevakt så fort som mogleg.
  • Pasientar som har vore anfallsfrie i eitt år med same medisin, kan ha førarkort og køyre bil. 
  • Ved planlegging eller ønske om graviditet bør du ta kontakt med nevrolog for å få best mogleg tilpassa oppfølging av behandlinga. Blir du gravid utan at du først har hatt kontakt med nevrolog, bør du ta kontakt for å få ei vurdering av behandlinga og korleis oppfølginga skal vere. 




 

Kontakt

Førde sentralsjukehus Nevrologisk seksjon

Kontakt Nevrologisk seksjon

Oppmøtestad

Førde sentralsjukehus, 4. etasje.
En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Frå Førde Sentralsjukehus går flybussen 70 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Nordfjord sjukehus og Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer.

Ved Førde sentralsjukehus kan du også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 16.30.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Bommen ved pasientparkeringa opnar seg automatisk. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet:

Kart over parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus
 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

For å avgrense smitte under pandemien kan det vere andre visittider og reglar som gjeld. Sjå Smittestatus virussjukdomar​ for meir informasjon.​​

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.