Mange pasientar med livstruande sjukdom har behov for lindrande behandling. Dette kan vere ulike typar medikament, samtalar og praktisk bistand frå ulike helsearbeidarar.
Målet med lindrande behandling (palliasjon eller palliativ behandling) er å gjere livet best mogleg, både for deg og dine pårørande, i alle fasar av ein alvorleg sjukdom. Hovudfokuset erå førebygge og lindre symptom som smerte, kvalme, depresjon, åndelege/eksistensielle utfordringar og andre plager som alvorleg sjukekan oppleve.
Lindrande behandling skal vere eit tilbod til alle som treng det, uavhengig av diagnose, prognose og bustad. Den enkelte helsearbeidaren kan gi god hjelp, men ofte vil personar med ulik yrkesbakgrunn samarbeide for å gi deg og dine pårørande best mogleg behandling og oppfølging. Eit godt samarbeid mellom helsearbeidarane ved sjukehuset og i kommunen er sentralt.
Pasientar med behov for lindrande behandling kan vere svært forskjellige. I ein tidleg fase kan nokre kan vere fullt arbeidsføre trass i ein sjukdom som ikkje kan kurerast. I ein seinare fase kan ein vere sterkt hjelpetrengande.
I dag utgjer kreftpasientar den største delen av dei som får spesialisert lindrande behandling i Noreg, men også til dømes pasientar med alvorleg hjarte- og karsjukdom, kroniske lungesjukdommar og nevrologiske sjukdommar kan ha behov for lindrande behandling. Moderne kreftbehandling gjer at fleire pasientar lever lenger med sjukdommen. Nesten alle kreftpasientar treng kvalifisert behandling for lindring av smerter og/eller andre plagsamesymptom dei siste månadene i livet. I tillegg vil pasientar som lever lenge med ein kreftsjukdomha behov for lindrande behandling og omsorg i delar av sjukdomsforløpet.
Ofte måvi vurdere kor lenge og kor mykje vi skal behandle ein kreftsjukdom.Ditt ønske og kunnskap om sjukdommen er vesentleg å ta omsyn til. Allmenntilstanden din har stor betydning for kva behandling du bør ha. Nokre gongar måvi starte ein behandling for å sjå korleis den verkar på pasientenog på kreftsjukdommen. Når vi skal planlegge, starteog avslutte kreftbehandlinga er vi avhengig av informasjon frå deg og dine pårørande, i tillegg til du har eingod dialogmedlegen. Du skalfå informasjon om kva som er hensikta med behandlingadu får tilbud om.
Tverrfagleg samarbeid
Mange ulike yrkesgrupper samarbeiderfor å gi deg og dine pårørande best mogleg behandling og oppfølging. Under finn du ein del tilbod som er lista opp. Tilgjegelegheita av desse vil variere frå sjukehus til sjukehus, og du vil få informasjon frå legen din om kva du kan nytte.
Legar og sjukepleiarar ved sjukehuset
Legar og sjukepleiarar har ansvaret for den medisinske behandlinga ved sjukehuset, inkludert lindrande behandling. Samarbeid med andre yrkesgrupper og/eller palliativt team er ofte nødvendig, men personalet på sengeposten eller poliklinikken har hovudansvaret når du er på sjukehuset.
Fastlegen og sjukepleiarar i kommunen
Fastlegenhar ansvaret for medisinsk oppfølging når du er heime. Både du, pårørande og spesialisthelsetenesta bør halde kontakta med fastlegen gjennom heile sjukdomsforløpet. Du finn informasjon om fastlegeordninga på www.helfo.no
Sjukepleiarane i kommunen har i lag med fastlegen ansvar for pleie og omsorg, både i heimetenesta og på sjukeheim. I lag med fastlegen koordinerer dei også kontakt med anna helsepersonell i kommunehelsetenesta.
Fysioterapeut
Alvorleg sjukdom kan føre med seg ulike utfordringar og plager. Fysioterapeuten kan mellom anna hjelpe med funksjonstrening, symptomlindring, tilrettelegging og meistring av ein endra kvardag.
Ergoterapeut
Alvorleg sjukdom kan gi utfordringar med meistring av daglege aktivitetar. Ergoterapeuten kan bidra med trening, tilpassing eller tilrettelegging av daglege aktivitetar, samt formidling av hjelpemiddel.
Klinisk ernæringsfysiolog
Mat kan vere ei utfordring ved alvorleg sjukdom. Ein klinisk ernæringsfysiolog kan hjelpe deg med å få tilpassakosthaldet til din situasjon.
Sosionom
Ein sosionom kan hjelpe deg og dine pårørande med dei sosiale- og økonomiskekonsekvensane av alvorleg sjukdom. Sosionomen kan bistå med samtalar om følelsesmessige reaksjonar og endringar som sjukdom kan føre med seg både for familien og livssituasjonen. Sosionomen gir deg informasjon,råd ogrettleiing om ulike rettar og støtteordningar. De kan også få hjelp til å fylle ut søknader.
Prest/diakon
Prestar og diakonar som jobbar i helsevesenet har spesialkompetanse. Dei kan tilkallast viss du eller dine pårørande har behov for å snakke med nokon om det å ha ein alvorleg sjukdom. Det er alltid du/pårørande som bestemmer temaet for samtalen. Dette kan for eksempel vere åndelege eller eksistensielle spørsmål rundt sorg og krise, personlege eller familiære problem. Sjukehuspresteneller diakon har lang erfaring med å snakke med menneske i sorg og krise. Dei kan også utføre kyrkjelege handlingar. Det er også mogleg å bli satt i kontakt med representantar frå andre trus- og livssynssamfunn.
Psykolog
Psykologar kan hjelpe deg og dine pårørande med å leve med ein alvorleg sjukdom. Dei kan også vere ei støtte ved store endringar eller kriser, og når pasientar og pårørande kjenner seg usikre, engstelege eller nedstemte, Psykologiske tiltak kan ofte bidra til betre lindring også av fysiske symptom som kvalme, smerter og søvnproblem.
Palliativt team / palliativ eining
Eit palliativt team består av helsearbeidarar som er spesialistar i lindrande behandling. Teamethar medlemmar frå nokre eller alle yrkesgruppene som er nemnt over. Teamet kan hjelpe der det er behov, også heime hos deg eller på denlokale sjukeheimen. I lag med kommunehelsetenesta, deg og dine pårørande legg teamet ein plan forvidare behandling og oppfølging.
Det palliative teamet ser til pasientar på avdelingar i sjukehuset, og på ein del sjukehus har det palliative teamet ansvar for ein eigen sengeavdeling for lindrande behandling. Kommunale sjukeheimar kan også ha slike einingar, eller senger som er haldt av for pasientar som treng lindrande behandling.
Nettverk i kreftomsorg og lindrande behandling
I alle delar av landet, i dei fleste helseføretak og kommunar, finst det nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling. Nettverk med fysio- og ergoterapeutar er også tilgjengeleg i fleire fylke.
Ressurspersonane i nettverka har kompetanse og særleg interesse for lindrande behandling. Dei kan gi råd og informasjon om tilgjengelege tilbod og tilrettelegging i heimen. Dei kan også vere gode samtalepartar som kan gi informasjon og rettleiing om biverknader av behandling, og om lindring av symptom.
Individuell plan
Dersom du har behov for tenester frå forskjellige instansar i sjukehus og kommune, har du rett på ein individuell plan med oversikt over dei ulike tenestene og kontaktpersonane dine. Planen slal lagast i lag med deg og dine pårørande, og bør innehalde dine ønske og mål for pleie og behandling.Initiativet til å opprette ein individuell plan kan anten kome frå deg eller frå helsepersonell.