Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Depresjon, medikamentell behandling

Medikamentell behandling med antidepressiv kan vere til god hjelp mot depresjon. Antidepressiv blir brukt mot ei rekke plager. Det finst ulike typar medisinar ein kan bruke.
Antidepressiv kan hjelpe mot alle typar depresjon og bli brukt hovudsakleg ved moderat til alvorleg depresjon. Det er små forskjellar i effekt mellom dei ulike typane antidepressiv, men enkelte personar kan oppleve biverknader med ein type preparat, men ikkje med ein annan. 

Antidepressiv gir ikkje ein avhengnad med behov for stadig større doser, som ein del andre medikament. Det kan ta 2–6 veker eller meir før forventa effekt. Dette er fordi det i mange tilfelle tar tid å trappe opp til ein dekkande dose.


Før

Før oppstart av medikamentell behandling kartlegg vi kva medikament du eventuelt bruker eller har brukt tidlegare. Du vil få informasjon om biverknader og om kor lenge behandlinga er forventa å halde på.

Under

Vi vil saman vurdere om du faktisk blir betre av medisineringa. Omtrent to veker etter oppstart av behandlinga blir du innkalla til oss for oppfølging.

Nokre gonger kan det vere behov for å bytte til eit anna preparat, på grunn av manglande effekt eller på grunn av biverknader. Dersom du skal slutte med medikamentet, er det viktig at dette blir gjennomført i samråd med oss. Dette er fordi det er viktig at nedtrappinga skjer gradvis for å unngå potensielt uønska symptom.

Etter

Når vi saman har funne ein effektiv medisin mot depresjonssymptoma dine, bør du bruke den over ei viss tid. 

Etter tre til seks månader utan depressive symptom kan vi saman begynne å vurdere moglegheitene for å slutte med medikamentet. Doseringa bør i så fall gradvis bli trappa ned, i samråd med oss. Nokre gonger kan denne nedtrappinga ta opptil fleire månader, for å unngå biverknader.  

Kontakt

Psykisk helsevern