Depresjon er forskjellig frå person til person, og kan ha mange ulike årsaker. Derfor må behandlinga bli tilpassa deg. Nokon vil ha klare og avgrensa problem, medan andre kan ha mange forskjellige vanskar. For å kunne gje eit godt behandlingstilbod, er det viktig å utgreie dei problema du søkjer hjelp for. Dine tankar og meiningar om kva for tiltak som passe best for deg, er viktige. Behandlaren din skal lytte til det du har å seie, og dine oppfatningar skal bli tatt på alvor.
I utgreiinga vil me snakka om:
- Kroppslege, psykiske, sosiale og materielle vanskar og behov
- Tidlegare og noverande fysiske og psykiske sjukdommar
- Psykiske lidingar i familien
- Sjølvmordsfare
- Bruk av rusmidlar
- Barndom og oppvekst
- Negative hendingar før og no
- Problem i privatliv og arbeid
- Moglegheit for støtte frå andre
- Om du har born og om dei har spesielle behov no som bør bli tatt hand om
Diagnose
Det er viktig å avklare når depresjonen starta, og kva du meiner kan ha bidratt til å utløyse problema. Det er også viktig å finne ut av om du har opplevd episodar med depresjon tidlegare. Erfaringar frå desse, som kva som hjelpte den gong, kan vere nyttige i arbeidet med dine aktuelle problem. Ettersom depresjon kan vere ein del av bipolar liding, bør dette også bli vurdert.
Me tilrår at behandlaren nyttar seg av spørjeskjema for å hjelpe til å vurdere alvorsgraden av depresjonen, og for å følge opp behandlinga. Du kan ha nytte av at behandlaren gjev deg tilbakemelding frå spørjeskjema, mellom anna for å følge med på om behandlinga verker.
På bakgrunn av utgreiinga skal behandlaren din kunne stille ein diagnose, ut frå mengda av depressive plager, kor sterke dei er og i kva grad dei gjer det vanskeleg for deg å fungere i kvardagen. Deretter set du og behandlaren i fellesskap opp ein plan, der du får god informasjon om ulike former for behandlingstiltak. Dersom du ønsker det, har du krav på ein individuell plan for å samordne tenester som blir iverksett.
Se eigen informasjon om individuell plan (helsenorge.no)