CT

Computertomografi
Radiologisk avdeling

CT er ei røntgenundersøking der vi tar snittbilete av dei delane av kroppen din som skal undersøkast. Bileta blir laga ved hjelp av eit dataprogram.
 

Innleiing

CT-undersøkinga er særs nyttig for å:

  • undersøke blødingar, aneurismer (utposingar på blodkar), hjernesvulstar og hjerneskadar.
  • oppdage svulstar og andre prosessar i heile kroppen.
  • avklare infeksjonar og betennelsestilstandar, samt vurdering av lungevev.
  • vurdere organskadar ved traume.
  • CT kan også nyttast ved vevsprøve (biopsi) av ein svulst.
CT-undersøkinga har ulike navn avhengig av kva del av kroppen som skal  undersøkast.

1. Før

Førebuingane varierer ut frå kva som skal undersøkast. 

Eksakt informasjon om førebuingar til undersøkinga vert sendt til deg ved innkalling, eller det vert opplyst ved avdelinga når timen blir avtalt.

2. Under

Som regel tar undersøkinga mellom ti og 30 minutt, og er smertefri, bortsett frå i dei tilfella ei plastnål (venflon) vert lagt inn i ei blodåre. Nåla vert fjerna etter undersøkinga. Du vil på førehand bli spurt om eventuelle tidlegare reaksjonar på kontrastmiddel, om allergiar eller astma og diabetes. Kontrasten medfører svært sjeldan ubehag, men mange føler ein forbigåande varme gjennom kroppen.

Du vert undersøkt liggande på eit motorisert bord som forflyttar deg inn i opninga av CT-maskina. Maskina er open frå begge sider. Du blir ikkje stengt inne i ein "tunnel". Bordet beveger seg litt når bileta blir tatt. Det er heilt avgjerande for biletkvaliteten at du ligg i ro under heile undersøkinga. Enkelte vil også bli bedt om å halde pusten nokre gongar. Dette for å unngå unødige bevegelsar i lunge- og mageregionen.

Personalet går ut av undersøkelsesrommet når bilda blir tatte. Dei observerer deg gjennom eit vindauge og du kan snakka til dei gjennom ein mikrofon i maskina.


3. Etter

Heimreise

Ved CT-undersøking der kontrast er gitt intravenøst, vil vi be deg vente på avdelinga i 30 minutt etter at kontrasten er sett inn. For andre pasientar gjeld inga spesiell oppfølging.

Resultat av undersøkinga

Resultatet av undersøkinga kan du dessverre ikkje få med ein gong. Bileta vert granska av ein røntgenlege som lager ein rapport av kva bileta viser. Rapporten vert sendt legen som tilviste deg.

Ved akutte tilstandar får du eit foreløpig svar like etter undersøkinga.

Ver merksam

Normalt sett er det ikkje risikoforhold forbunde med denne undersøkinga. CT-undersøkelsen inneber ioniserande stråling og undersøkingane skal vera tilpassa slik at stråledosen er så låg som mogleg.

Kontaktinformasjon

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.