Pålogging for pasientar i Helse Førde (difi.no)
Denne løysinga gjev raskare og meir nøyaktig kartleggjing enn tidligare. Få minutt etter at du har fullført, vil din behandlar ha svara tilgjengeleg i journalen.
Har du spørsmål; kontakt din behandlar.
Korleis bruke Checkware
Det første som møter deg er dette biletet:

Her vel du den sikre innloggingsmetoda som passar best for deg.
Etter innlogging kjem du direkte inn i det fyrste skjemaet din behandlar har tildelt deg. Det kan for eksempel sjå slik ut:

Nedst på sida finn du ein knapp du trykker på for å gå videre til «Neste side» i kartlegginga.
Er du komen til siste spørsmål kjem det i staden ein knapp der du klikkar «Ferdig» for å markere at du er ferdig med kartleggjinga.

Etter at du trykker "Ferdig" får du opp dette biletet. Trykk «Ja, levér» for å sende inn kartleggjinga.

Er det er fleire kartleggjingar som er tildelt deg, kjem den neste opp automatisk etter at du har leverert den føregåande.
Når du er heilt ferdig vil berre den øvste delen av skjermen ha innhald. Du klikker då på det blå feltet med striper og logger ut frå programmet ved å trykke på symbolet:
