Behandling
Bulimi hos vaksne, døgnbehandling
Bulimi er ei psykisk liding som er relatert til eteåtferd, som påverkar helsa di, kjenslene dine og evna di til å fungere på viktige område i livet. Bulimi blir kjenneteikna av hyppige episodar med overeting etterfølgd av åtferd som skal forhindre vektauke, som til dømes sjølvframkalla oppkast. Ei kjensle av å vere ute av kontroll under overetings-episodane. Sjølvkjensle er overdrive relatert til kroppsbilete.Behandling kan skje poliklinisk eller ved innlegging. For dei aller fleste pasientane med bulimi vil poliklinisk behandling vere tilstrekkeleg, men for somme vil innlegging i døgneining vere aktuelt i delar av sjukdomsforløpet.
Tilvising og vurdering
For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlege og legevakt er dei som i hovudsak tilviser til utgreiing og behandling i spesialisthelsetenesta. Spesialisthelsetenesta vil då, på bakgrunn av prioriteringsrettleiaren «Psykisk helsevern for vaksne» avgjere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta. Om behandling på ditt lokale DPS ikkje er tilstrekkeleg kan du visast vidare til spesialisert behandling på eit regionalt senter for eteforstyrringar.
Utgreiing
Det er eit krav om at spesialisthelsetenesta skal nytte kunnskapsbaserte metodar. I utgreiing av eteforstyrringar er det viktig med grundig kartlegging, som omfattar både fysiske (kroppslege) og psykiske plager.
Ved innlegging vil eit tverrfagleg behandlingsteam vurdere helsetilstanden til pasienten.
Undersøkingar som inngår i utgreiinga:
- Somatisk undersøking, inkludert blodprøver og kostanamnese.
- Psykiatrisk utgreiing med kartlegging av utviklingshistorie, bakgrunn og aktuelt problem.
- Standardiserte testar. Dette kan vere både semistrukturerte intervju og skjema som pasienten fyller ut sjølv.
Odontologisk utgreiing. Det bør visast til odontologisk utgreiing ved mistanke om tannskadar. Ved utgreiing i sjukehusavdeling vil behandlingsteam jamleg ha samtalar med pasienten for å kartleggje symptom og meistringsstrategiar, for i samråd med pasienten å vedta kva tiltak som skal/bør setjast i verk.
Behandling
Behandlingstilbodet blir tilpassa kvar enkelt person. Overordna mål for behandlinga må alltid sjåast i samanheng med sjukehistoria til pasienten, ressursar, og motivasjon for endring.
Behandlinga i døgneining vil kombinere fleire ulike behandlingsformer som:
Kor lang tid tek normalt behandlinga?
Forløpet ved eteforstyrringar varierer, dette medfører at det individuelle forløpet og prognosane for kvar enkelt ikkje kan anslåast.
Oppfølging
Når pasienten blir skriven ut frå behandling i døgninstitusjon, er det svært viktig at vedkommande følgjer tilrådingane som blir gitt og nyttar seg av tilrådde oppfølgingstilbod også etter utskriving. For somme tek det lang tid å bli frisk av bulimi. Det meste av behandlinga skal skje poliklinisk. Det er derfor veldig viktig med gode overgangar mellom døgnbehandling og poliklinisk behandling.
Det er særskilt viktig å følgje opp tilrådd kostplan, og halde ved like/halde fram med å arbeide mot ei normal vekt (BMI 20-25). Det vil vere med på å betre prognosen og redusere faren for tilbakefall.