Ikkje operativ (konservativ) behandling
Enkle brot som ikkje krev operasjon: Du får fatle og informasjon om avgrensingar og korleis du forsiktig kan starte med opptrening. Ved vanskelege brot som ikkje blir behandla med operasjon kan du få fatle som stabiliserer underarmen i opp til 2 veker.
Hovudregel for rehabilitering av brot nær skulder er at du så tidleg som mogleg skal starte med bevegelsar, så lenge brotet er stabilt nok. Du skal ikkje ha belastning på dei første 6 vekene. Belastningsøvingar gjennomførast frå veke 7. Behandlinga skal bestå av øvingar du gjer sjølv og saman med fysioterapeut.
Operativ behandling
Ved kompliserte brot som krev operasjon, blir du lagt inn på sjukehuset. Operasjonen skjer anten i narkose eller ved bedøving av nerven til operasjonsområdet (nerveblokade). Brotet blir sett på plass og stabilisert med plate eller nagle. For mange personar over 60 år er brota beinskjøre og med høg risiko for komplikasjonar ved rekonstruksjon. Ein må då bruke ei skulderprotese (anatomisk halvprotese eller reversert skulderprotese, også kalla Deltaprotese).
Det er vanleg å ha ein del smerter dei første vekene. Ved vanskelege brot som ikkje blir behandla med operasjon kan du få fatle til å støtte underarmen dei første vekene. Alle som blir operert skal starte opptrening med ein gong. Opptrening tar vanlegvis mellom 3-6 månader.
Den vanlegaste komplikasjonen er tap bevegelighet.