Operasjon
Nokon gonger er brotet av ein slik karakter at det må opererast grunna mangel på stabilitet, feilstilling og eventuell nerveskade. Ved operasjon skrur man inn skruar i ryggvirvelen over og under brotet, og festar metallstag mellom for å avstive brotet.
Dersom det blir avgjort at brotet bør opererast, vil du i nokon tilfelle komme raskt til operasjon. I andre tilfelle hastar det ikkje like mykje, og du kan måtte vente på operasjon enten til neste dag eller i fleire dagar.
Førebuingar ved operasjon
Like før, under og etter operasjonen får du førebyggjande antibiotika intravenøst (rett i blodet) for å motverke komplikasjon med infeksjon som kan oppstå når ein lagar eit snitt i huda og set metallimplantat i knoklane.
På grunn av at du blir sengeliggande i forbindelse med operasjonen, får du blodfortynnande medikament via sprøyter i magen for å hindre blodpropp, både før og etter operasjonen.
Faste
Før operasjonen må du faste. Det inneber at du ikkje kan ete, drikke, tygge tyggegummi/drops, snuse eller røyke. Magesekken må vere tom for at ikkje mat eller væske skal komme over i lungene under narkosen. Det er viktig at du følgjer instruksjonane om korleis du skal kome godt førebudd til sjukehuset. Dersom du ikkje følger reglar om faste og røyking, kan du risikere at vi må utsetje operasjonen.
Barn (opptil 18 år): Med mindre anna er avtalt gjeld følgande: Barnet kan drikke klare væsker (vatn, saft, juice utan fruktkjøt) inntil 1 time før operasjon. Barnet kan få morsmjølk/-erstatning inntil 4 timar før operasjon. For mjølk og fast føde gjeld same reglar som for vaksne (6 timar)
Vaksne: Du skal ikkje ete fast føde eller drikke mjølk i 6 timar før operasjonen. Du kan gjerne drikke klare væsker (vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te, kaffi utan mjølk/fløyte) inntil 2 timar før planlagt operasjon. Unngå røyk, snus, tyggegummi og sukkertøy i 2 timar før operasjonen. Inntil 1 time før operasjonen kan du svelge medisinar med eit glas vatn (maks 150 ml).
Ved spesielle inngrep kan det vere andre rutinar som gjeld. Dette blir du orientert om på sjukehuset før operasjonen.
Etter operasjon
Når operasjonen er ferdig blir du liggande ein stund på oppvakningsavdelinga medan bedøvelsen går ut. Deretter blir du flytta over til sengepost.
Som ved andre behandlingar, er det viktig at ein kjem seg raskt på beina etter ein operasjon. Fysioterapeutar vil instruere deg og hjelpe deg i gong, men eigeninnsats og motivasjon er viktig. Dette minskar faren for komplikasjonar som infeksjonar og blodpropp, og rask mobilisering er viktig for det opererte brotet. Du vil bli behandla med smertestillande medikament slik at dette skal la seg gjere.
Etterbehandling etter opererte ryggbrot
Kort tid etter operasjonen vil vi starte opptrening saman med fysioterapeut. Det er vanleg med smerter i starten, og dei fleste treng smertestillande til å begynne med. Dei første 6 vekene skal du ha eigenstyrt aktivitet på nivå med lett husarbeid. Unngå å bøye overkroppen. Vanlegvis treng du smertestillande i 2-4 veker.