Etter behandling med gips/skinne
Kontroll med røntgen på poliklinikk etter seks og eventuelt tolv veker.
Etter operasjon
Etter operasjonen blir du verande på sjukehuset nokre dagar. Kor lenge kjem an på kor vondt du har og kor raskt du kjem deg på beina. Det er viktig at du kjem deg opp på krykker og ikkje blir liggande i seng lenger enn nødvendig. Ved brot i skaftet kan du belaste mot smertegrensa, mens brot mot ankel eller kne må touchbelastas. Ein fysioterapeut vil hjelpe deg å komme i gang med krykker og opptrening.
I starten får du smertestillande medisinar, men desse bør du slutte med så snart som mogleg.
Du får time til kontroll ved poliklinikk når du reiser frå sjukehuset, som regel seks og tolv veker etter operasjon. Det er vanleg at tilheling og opptrening tar tid, i visse tilfelle eitt til to år. Ein del pasientar får også varige restplagar i form av smerter eller stivheit, eller lett feilstilling av beinet.
I utgangspunktet kan plate/nagle bli verande i beinet. Dersom du får tydelege plager relatert til plata/naglen, kan det vere aktuelt å fjerne den, tidlegast etter eitt år. Det er viktig å vente så lenge for å sikre at brotet er grodd, og unngå nytt brot på samme stad.
Dersom brotet ikkje vil gro, kan det bli nødvendig med ny operasjon. Det er kjent at både røyking og dårleg ernæring kan føre til at brot har vanskeleg for å gro. Røyking gir også auka risiko for dårleg sårtilheling. Det er derfor svært viktig at du kuttar røyken, særleg i perioden såret skal gro.