Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Bløding seint i svangerskapet

Blødingar som oppstår seint i svangerskapet kan ha ulike årsaker. Blødinga treng ikkje ha betyding for den vidare utviklinga av svangerskapet eller fødselen, men ofte er blodblanda utflod eit første teikn på at fødselen er nær.

Om du er mindre enn 22 veker på veg i svangerskapet, skal du kontakte lege eller legevakt dersom du blør. Du vil bli vurdert og eventuelle vidare undersøking eller behandling vil bli bestemt.

Om du har kome lengre enn 22 veker i svangerskapet, skal du kontakte fødeavdelinga om du begynner å blø. Du vil då få rettleiing, og plan for vidare oppfølging, undersøking eller behandling vil bli vurdert.

Før

Spørsmål du må svare på

Når du tek kontakt med lege / legevakt / fødeavdeling på grunn av bløding seint i svangerskapet, er det ei rekkje ting du vil bli spurt om. Vi ber deg om å lese gjennom følgande, slik at du er meir førebudd på å svare.

Bløding

  • Kor mykje blør du, og kva farge er det på blodet (friskt og raudt blod, eller mørkt raudt/brunt blod)?
  • Er blødinga aukande eller mindre no?

Dersom blødinga aukar eller tilstanden din endrar seg etter at du har vore i kontakt med helsevesenet, må du ta kontakt igjen.

Kvifor blør du?

  • Gjorde du noko spesielt like før du begynte å blø?

Mot slutten av svangerskapet er det vanleg at støyt mot den blodrike delen av livmorhalsen fører med seg ufarleg, sparsam bløding. Dette kan til dømes skje etter samleie eller etter ei underlivsundersøking.

Fostervatn

  • Kan blødinga vere blodblanda fostervatn?

Om det er rikeleg med tyntflytande rosa væske, kan det vere teikn på at fostervatnet har gått – noko som kan bli forveksla med ei større bløding.

Smerte

  • Har du rier?
    Rier er smerte som kjem og går i nedre del av magen og/eller ryggen. Magen blir stram og hard under riene, og mjukare og smertefri i pausane.
  • Har du andre typar smerte?

Dersom smerten aukar etter at du har vore i kontakt med helsevesenet, må du ta kontakt igjen.

Barnet

  • Kjenner du at barnet sparkar og rører seg som før?

Om det ikkje er noko endring i mønster eller styrke i spark/bevegelsar hos barnet, er dette eit teikn på at barnet har det bra.

Under

Årsaker til bløding seint i svangerskapet

Det kan vere fleire årsaker til at du begynner å blø seint i svangerskapet, og ofte finn ein ikkje nokon klar årsak til at ei bløding oppstår.

Teikningsbløding er ei sparsam bløding, utflod/slim blanda med friskt blod. Vi kallar det for teikningsbløding fordi blødinga er eit signal om at livmorhalsen/mormunnen er i ferd med å bli moden eller opne seg, og at fødselen er nær – eller at den alt er i gang.

I løpet av svangerskapet er livmorhalsen/mormunnen meir blodfylt enn elles. Kontakt eller støyt mot livmorhalsen/mormunnen kan derfor føre til ei lita bløding. Bløding etter samleie eller etter ei gynekologisk undersøking kan derfor skje, særleg mot slutten av svangerskapet.

Ei sparsam bløding som resultat av støyt eller berøring av livmorhalsen/mormunnen er ufarleg og går raskt over.

Staden der morkaka er festa i livmorveggen, blir alltid kontrollert ved den vanlege ultralydundersøkinga rundt 18. veke i svangerskapet. Den gravide blir då alltid informert dersom morkaka har festa seg, slik at det er fare for bløding eller er eit hinder for at fødselen kan skje normalt.

Om ultralydundersøkinga viser at morkaka ligg ned mot mormunnsopninga, vil du bli kontrollert med ny ultralydundersøking seinare i svangerskapet. Når morkaka heilt eller delvis dekkjer den indre mormunnen, kallast dette framforliggande morkake. Dersom morkaka dekkjer mormunnsopninga ved termin, må fødselen skje ved hjelp av keisarsnitt.

Ultralydundersøking før 20. svangerskapsveke viser at 5–6 prosent av dei gravide har framforliggande morkake, mens knapt 1 prosent har framforliggande morkake ved termin. Ettersom livmora veks, kan morkaka trekke seg opp og vekk frå mormunnen.

Når morkaka ligg over eller like ved mormunnen, vil dette medføre auka blødingsfare. Det kan blø frå kanten av morkaka når livmora veks og blir strekt, samtidig som barnet pressar mot mormunnen. Innlegging til observasjon eller fleire kontrollar kan då bli aktuelt.

Den mest alvorlege, men svært sjeldne årsaka til bløding, skuldast at morkaka har løyst seg heilt eller delvis frå livmorveggen. Den gravide får då samtidig svært vondt i magen.

 

Behandling

Avhengig av kva som er årsak til blødinga, vil det bli sett i verk behandling. Kontakt alltid lege, legevakt eller sjukehuset om du er gravid og begynner å blø.

Rettleiing og rådgiving per telefon er av og til nok. I andre tilfelle er det nødvendig med vidare undersøking og behandling.

Etter samtale med jordmor eller lege, vil du få ei orientering om kva du bør gjere vidare. Dersom tilstanden din er oppfatta som stabil, kan du bli beden om å sjå situasjonen an, eller om å kontakte fastlege, jordmor eller legevakt for avklaring og eventuell kontroll.

Det kan òg bli aktuelt at du må til sjukehuset for ei vurdering. I så tilfelle må du vere førebudd på at du kan bli lagd inn til observasjon eller behandling. Dersom situasjonen din blir oppfatta som uklar eller alvorleg, kan rask transport til sjukehus vere avgjerande. Det blir då rekvirert sjukebil. Dette blir avgjort i samråd med lege/jordmor når du snakkar med dei.

Etter

Om du kan reise heim etter legekontroll eller sjukehusinnlegging, vil du alltid få informasjon om korleis du skal forholde deg vidare. Plan for vidare oppfølging og kontrollar vil då bli avtalt. Dei fleste kan etter ei undersøking på fødeavdelinga, fortsette svangerskapskontrollane hos eiga jordmor/eigen lege.

Ver merksam

Dersom tilstanden din blir endra etter at du har vore i kontakt med helsevesenet, må du ta kontakt igjen!

Kontakt

Førde sentralsjukehus Kvinneklinikken

Kontakt Kvinneklinikken

Oppmøtestad

Kvinneklinikken er på flyttefot
18. september 2024 starta vi innflyttinga i nye, flotte lokale i Livabygget. Vi er framleis å finne i 5. etasje, og du kan ta trapp eller heis som før. Inngangen til Livabygget, med mor-barn-avdeling, er merka. Her finn du fødeavdeling, gynekologisk sengepost og barneavdelinga. I starten av oktober 2024 flytta kvinneklinikken sine poliklinikkar, som no heiter kvinnepoliklinikken, frå 6. etasje til dei gamle lokala i 5. etasje.

Med flytting følger det litt endringar, og vi jobbar med å få dette på plass så raskt som råd. Ønsker du å nå oss på telefon, har vi dei samme telefonnummera som tidlegare. Velkommen til oss!

Føde- og barselavdeling
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten direkte ved oppmøte i luke eller på telefon 578 39 233. Etter klokka 15.00 kontaktar du oss på telefon 578 39 233/578 39 132, då går telefon direkte inn på felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Ved oppmøte i avdelinga etter klokka 15.00: ta direkte kontakt med personalet på vaktrommet i 5. etasje.

Gynekologisk sengepost
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten ved direkte oppmøte i luke eller på telefon 578 39 233. Etter klokka 15.00 kontaktar du oss på 578 39 233/578 39 132, då går telefonen direkte til felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Dersom du som pasient har fått time til konsultasjon føl du instruksen på innkallinga i høve oppmøtestad.

Føde poliklinikk
All kontakt via telefon i høve ultralyd. Du kan du ringe på dagtid måndag til fredag frå klokka 08.00 til klokka 15.00 Du treff oss på telefon 578 39 233. Har du time på fødepoliklinikk, så kontaktar du ekspedisjonen i 5. etasje.

Gynekologisk poliklinikk
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje frå mandag - fredag frå kl.08.00 - 15.00.  Telefon 57839239

Ammepoliklinikk - tysdagar
Har du ønskje om time på ammepoliklinikk, ring sekretær på dagtid måndag til fredag klokka 08.00 - 15.00 på telefon 578 39 233. Tilvising er ikkje naudsynt. Oppmøtestad til ammepoliklinikk er på venterom i 5. etasje.

Samtalepoliklinikk
Har du behov for fødselssamtale må du ha tilvising frå jordmor eller fastlege. Her treff du faste jordmødre som i tillegg til samtalepoliklinikken jobbar ved føde/barsel avdelinga. Oppmøtestad er i 5. etasje. Du må gjerne ha med partner under samtalen.

En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer. Du kan også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet:

 

Kart over parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus

 

 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.