Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Undersøking

Beinmargsprøve frå hoftekam

Beinmerg finn vi i holrommet i mange av knoklane i kroppen. Det er her produksjonen av blodcellene skjer, både hos vaksne og barn. Ein beinmergsprøve viser korleis blodproduksjonen er, og om det eventuelt er teikn på sjukdom der. Prøven blir gjord med lokalbedøving. Det er vanleg å ta beinmergsprøve frå hoftekammen eller brystbeinet.

Kvifor blir undersøkinga/behandlinga gjennomført?

Dette er ei viktig undersøking for å studere og påvise sjukdom i blodcelledanninga. Undersøkinga blir gjord ved blodcellemangel (til dømes ved anemi) og ved mistanke om blodkreft (leukemi), lymfekreft, beinmergskreft (myelomatose) og spreiing av annan kreftsjukdom til beinmergen.

Korleis kan eg førebu meg?

Sei frå om du bruker blodfortynnande medisinar eller om du har reagert på lokalbedøving tidlegare. Enkelte blodfortynnande medikament må du stoppe med i god tid før undersøkinga. Ta kontakt med tilvisande lege dersom dersom du bruker dette.

Korleis skjer behandlinga/undersøkinga?

Lege/sjukepleiar vil først informere deg om undersøkinga, og korleis ho blir gjennomført. Beinmergsprøven kan vi ta frå hoftekammen (crista iliaca) eller brystbeinet (manubrium sterni).

Området der prøven blir teken blir vaska med desinfiserande middel, og du får deretter lokalbedøving. Du vil kjenne forbigåande svie/spreng av bedøvingsstikket. Bedøvinga har god og rask effekt. Legen set inn ei beinmergsnål og syg ut den flytande beinmergen (aspirat) og tek eventuelt også ut ein vevsbit (biopsi).

Gjer det vondt?

Sjølve beinmergsprøva kan vere litt ubehageleg, men skal ikkje gjere vondt. Når vi tek ut den flytande beinmergen, kan du kjenne eit kortvarig og ubehageleg sug eller press. Når vi skal ta ut vevsprøven er det vanleg å kjenne noko trykk/spreng i hofteregionen. Ein del kan kjenne smerte/ubehag nedover i beinet. Dette er ikkje farleg. Nokre kan kjenne lokal ømheit når bedøvinga går ut.

Dei fleste pasientane oppfattar undersøkinga som lite smertefull.

Kor lenge varer undersøkinga?

Undersøkinga, inkludert klargjering, bedøving og prøvetaking tek vanlegvis 15–20 minutt.

Etter

Etter prosedyren vil lege eller sjukepleiar komprimere innstikkstaden slik at eventuell bløding stoppar. Deretter dekkjer vi til såra med ein bomullspad og eit gjennomsiktig plaster. I somme tilfelle trengst noko lengre kompresjon, og du kan bli beden om å liggje på ryggen i nokre minutt til eventuell bløding har stoppa. Du kan bevege deg som normalt og reise heim rett etter undersøkinga, dersom ikkje anna er avtalt.

Sjekk innstikkstaden etter cirka ein halvtime for å sjekke at det ikkje blør. Ved bløding, trykk/komprimer, og forsterk eventuelt bandasjen. Du bør halde plaster/bandasje tørt i to dagar etter prøvetaking. Ved behov for å dusje i denne perioden, tilrår vi dusjbandasje. Deretter kan du fjerne bandasjen, men ved behov kan du setje på ein ny bandasje/plaster i nokre dagar til.

Det varierer når svaret på undersøkingane er klart, dette kan ta mellom nokre timar og fleire veker. Legen som er ansvarleg for behandlinga di, vil gi deg svar når resultatet ligg føre.

Biverknader og komplikasjonar

Bortsett frå ømheit i området i eit par dagar, er det veldig sjeldan med biverknader eller komplikasjonar frå undersøkinga.

Kontakt

Førde sentralsjukehus Kreftavdelinga

Kontakt Kreftavdelinga
En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Frå Førde Sentralsjukehus går flybussen 70 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.