Før eigenregistreringa
Du får tilbod om oppfølging ved hjelp av digital eigenregistrering når du har ordinær time på poliklinikk eller ved anna opphald på sjukehuset.
Under eigenregistreringa
Det blir sendt ei tekstmelding til deg når du skal svare på spørsmåla i eigenregistreringa.
Innlogginga kan skje frå mobiltelefon, nettbrett eller PC. Etter innlogging kjem du direkte til spørsmåla. Når du er ferdig, trykker du «levér» og du vil få ei tilbakemelding som syner resultatet. Når det er tid for ny eigenregistrering får du nytt varsel på SMS.
Vi rår deg til å sjå filmen under før du gjennomfører eigenregistreringa første gong. Ønskjer du meir informasjon så kan du ta kontakt med di avdeling på sjukehuset.
Etter du har registrert deg
Når du har levert svara dine så blir dei vurderte av helsepersonell. Svara dine gjer at helsepersonell kan tilpasse eventuell vidare oppfølging ein god måte.
Ta kontakt med di avdeling dersom du ikkje lenger ønskjer å nytte deg av tilbodet om digital eigenregistrering.