Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Avrusing benzodiazepiner

Avrusing på institusjon inneberer medikamentelle, medisinske, miljøterapeutiske og sosiale tiltak for å hjelpe deg å kome gjennom avrusings- og abstinensfasen ved benzodiazepinavhengigheit. Du får tilbod om opphald i eit skjerma miljø med individuelle tiltak for akkurat din tilstand.

Benzodiazepiner er angstdempande middel og sovemiddel. Desse legemidla er avhengigheitsskapande, og viss dei blir brukt over tid kan det vere vanskeleg å slutte med dei utan hjelp.

Personar som blir innlagt med avhengigheit av benzodiazepiner har ofte samtidig bruk av og avhengigheit til andre rusmiddel. I tillegg viser studiar at ein stor del har samtidig psykisk liding. Innlegging i institusjon, spesielt i startfasen av avrusing frå benzodiazepiner kan bidra til ei grundig kartlegging av omfang av misbruk og vere ein viktig del av ein nedtrappingsplan.


Tverrfagleg spesialisert behandling av rusmiddelproblem (TSB) omfattar tilbod om døgnbehandling, dagbehandling og polikliniske tenester.
 

Kven kan tilvise?

Tilvising til tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) kan kome frå:  

  • Sosialtenesta/NAV
  • Barneverntenesta
  • Fastlege/allmennpraktiserande lege
  • Privatpraktiserande legespesialist
  • Lege ved andre delar av spesialisthelsetenesta
  • Lege i fengselshelsetenesta
  • Anna helsepersonell som har rett til å tilvise til spesialisthelsetenesta

Kva skal tilvisinga innehalde?

Tilvisinga skal danne grunnlaget for vurderingane som skal gjerast. Det er derfor viktig at den inneheld mest mogleg komplett informasjon om pasienten og forholda rundt pasienten. 

Tilvisinga skal innehalde følgjande informasjon: 

  • Personopplysingar (namn, adresse, fødselsnummer, telefon)
  • Familieforhold/sosial status
  • Sysselsetting/trygdestatus
  • Uteståande dommar/planlagt soning
  • Historikk rusproblematikk, inkludert tidlegare behandling og skildring av dagens situasjon
  • Historikk og vurdering av psykisk- og somatisk helse
  • Medisinering
  • Mål for iverksett/planlagt habilitering/rehabilitering
  • Involverte instansar, inkludert skildring av samarbeidsrelasjonar
  • Vurdering av rett til Individuell Plan
  • Samtykke til innhenting av relevante opplysingar
  • Relevante epikriser
  • Forslag til type tiltak
  • Vurdering av om det er behov for avrusing for å kunne gjennomføre behandling

Før

Du bør lage deg ei oversikt over legemiddelinntaket ditt den siste tida, slik at dei medisinske og miljøterapeutiske tiltaka kan tilpassast behovet ditt på best mogleg vis. Dersom du har erfaringar med avrusing frå tidlegare, og veit kva som fungerer best for deg, er det også viktig å informere behandlaren din om dette. I nokre tilfelle kan det vere aktuelt å starte nedtrappinga heime med poliklinisk rettleiing, dette vil eventuelt behandlaren og legen din kunne samarbeide om.

Vi vil ta kontakt med fastlegen din/tilvisar, men det er også ønskeleg at du informerer oss om eventuelle kroppslege eller psykiske plager du ønsker at vi skal vete om eller forsøke å hjelpe deg med.

Veldig mange gruer seg til avrusinga og slit med eigenmotivasjonen før innlegginga. Dette er noko vi kan hjelpe deg med, så sei ifrå om dette.
Viss du lurer på noko, kan du når som helst ta kontakt med oss.

Treng du transport til samtale/ innlegging? Les om pasientreiser på helsenorge.no

Under

I innkallingsbrevet står det informasjon om stad og tidspunkt for oppmøte til innlegging. Nyleg inntak av rusmiddel er inga hindring for å møte til avtalt tidspunkt. Vi kan ta i mot deg i den forma du er.

Når du kjem til avdelinga blir du tatt imot av helsepersonell, og du blir undersøkt av lege. Legen treng nøyaktig informasjon om siste tids inntak slik at den medikamentelle delen av avrusingsbehandlinga kan gjerast så skånsam som mogleg.

Du og legen din skal sette opp ein plan for nedtrapping på benzodiazepiner. Kva legemiddel som blir brukt kan variere mellom dei ulike behandlingsstedene, men baseres på anbefalinger i Nasjonal faglig retningslinje for avrusning fra rusmidler og vanedannende legemidler.

Nedtrappingsplanene er individuelle, og varigheten av nedtrappingen kommer an på hvor mye du har inntatt den siste tiden og hvor lenge misbruket har pågått.  Anbefalingene er at prosessen skjer over tid, slik at noe kan gjøres mens du er innlagt, og noe kan gjøres etter utskrivelse med god støtte og planlegging.

Vi monitorerar abstinensproblematikk kontinuerleg den første tida ved hjelp av anerkjente verktøy. Desse målingane vil hjelpe deg og legen til å finne ein best mogleg nedtrappingsplan. Kva medikament som blir brukt i denne fasen vil variere.

Du vil få tilbud om tilrettelagde miljøterapeutiske tiltak som kan hjelpe mot abstinensplager i denne fasen. Lengda på innleggingsperioden vil variere ut frå tidlegare inntak av rusmiddel og ei individuell vurdering.

Etter

Avrusing er som regel den første delen av eit lengre behandlingsforløp, vidare behandling og eventuell oppfølging etter opphaldet vil anten avklarast før du kjem eller i løpet av behandlinga.

Vi kommuniserar med fastlege og eventuelle andre du vil ha bruk for når det gjeld oppfølging etter opphaldet, for eksempel kommunal oppfølgingsteneste, legemiddelassistert rehabiliering (LAR), apotek, ruskonsulent, rusteam og liknande.

Informasjon blir kun videresendt til andre instansar med tillating frå deg.

Vi kan formidle kontakt med likemannstiltak og andre tilbod som kan vere til støtte for deg etter behandlinga, som Anonyme alkoholikere (AA), Anonyme narkomane (NA) og liknande.

Kontakt

Tronvik Psykisk helsevern

Kontakt Psykisk helsevern
En by ved vannet

Tronvik

Kyrkjebøvegen 487

6995 Kyrkjebø

Praktisk informasjon

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 16.30.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.