Behandling
Augeloksbetennelse
Augelokkbetennelse (blefaritt) er ein kronisk tilstand som krev dagleg pleie. Ved augelokkbetennelse er det høg bakteriell tettleik, og vi må derfor utsette injeksjonsbehandling og operasjon. Om du pleier augelokkantane dagleg, kan du unngå antibiotikabehandling.
Før
Vask hendene før behandling.
Under
Fukt to bomullspads eller ein mjuk klut i lunkent vatn med litt babysjampo og legg det på øvre og nedre augelokk slik at augevippene blir godt fukta.
Etter nokre minutt vaskar du vekk eventuelt flass og salverestar mellom augevippene.
Behandling av augelokkbetennelse (blefaritt) med Kloramfenikol augesalve og Ultracortenol augesalve
Vask hendene.
Ca. 1 cm av kvar salve blir blanda saman på ein finger.
Salveblandinga blir smurt på augelokkantane og heilt inn til augevipperota på begge auga.
Gjenta salvebehandlinga tre gonger dagleg i ti dagar, dersom ikkje augelegen din har gitt annan beskjed.
Etter
Du må fortsette å vaske augelokkantane.
Ver merksam
Salva som blir lagt på augelokkantene kan ein oppleve som klissete, og synet kan verke slørete.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Augeavdeling
Førde sentralsjukehus
Augeavdeling
Kontakt Augeavdeling
Oppmøtestad
Finne informasjonen som står i innkallingsbrevet.Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde