Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Anoreksi hos vaksne, døgnbehandling

Anoreksi er ei alvorleg psykisk liding som blir kjenneteikna ved utilstrekkeleg matinntak som fører til undervekt (BMI under 17,5), intens frykt for vektauke, og vedvarande åtferd som forhindrar vektauke. Sjølvkjensle er overdrive relatert til kroppsbilete, og mange synest det er vanskeleg å forstå alvoret i situasjonen.

Anoreksi er en alvorlig medisinsk tilstand, som kan skade helsen din og sette livet ditt i fare. Derfor er det viktig at du søker hjelp tidlig.

Les meir på helsenorge.no

Behandling kan skje poliklinisk eller ved innlegging. For mange pasientar vil poliklinisk behandling vere tilstrekkelege, men for somme vil innlegging i døgneining vere aktuelt i delar av sjukdomsforløpet. Innlegging i døgneining kan vere nødvendig i akutte fasar av sjukdommen, eller for å redusere alvorleg undervekt når ein ikkje har lykkast med dette poliklinisk.

Tilvising og vurdering

For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlege og legevakt er dei som i hovudsak viser til utgreiing og behandling i spesialisthelsetenesta. Spesialisthelsetenesta vil då, på bakgrunn av prioriteringsrettleiaren «Psykisk helsevern for vaksne» avgjere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta. Om behandling på ditt lokale DPS ikkje er tilstrekkeleg kan du visast vidare til spesialisert behandling på eit Regionalt senter for eteforstyrringar.

Indikasjon for innlegging i sjukehus:

Ved svær avmagring, særleg dersom dette har skjedd over kort tid, og ved mistanke om alvorlege somatiske komplikasjonar, vil det vanlegvis vere indikasjon for innlegging i sjukehus.

Alvorlege bulimiske episodar, misbruk av laksantia eller diuretika, vil også kunne gi grunn til innlegging.

Sjølv om dei ovanfornemnde kriteria ikkje er oppfylte, kan det i sjeldne tilfelle vere aktuelt å leggje inn pasienten for å komme i gang med eit opplegg for reernæring, dersom langvarig poliklinisk behandling ikkje gir resultat.

Utgreiing

Det er eit krav om at spesialisthelsetenesta skal nytte kunnskapsbaserte metodar. I utgreiing av eteforstyrringar er det viktig med grundig kartlegging, som omfattar både fysiske (kroppslege) og psykiske plager.

Ved innlegging vil eit tverrfagleg behandlingsteam vurdere helsetilstanden til pasienten.

Undersøkingar som inngår i behandlinga:

  • Somatisk undersøking, inkludert blodprøver og kostanamnese.
  • Psykiatrisk utgreiing med kartlegging av utviklingshistorie, bakgrunn og aktuelt problem.
  • Standardiserte testar. Dette kan vere både semistrukturerte intervju og sjølvutfyllingsskjema.
  • Odontologisk utgreiing. Det bør visast til odontologisk utgreiing ved mistanke om tannskadar.

Ved utgreiing i sjukehusavdeling vil behandlingsteam jamleg ha samtalar med pasienten for å kartleggje symptom og meistringsstrategiar, for i samråd med pasienten å vedta kva tiltak som skal/bør setjast i verk.

Behandling

Behandlingstilbodet blir tilpassa kvar enkelt person slik at tiltaka passar personen si eiga oppleving av røyndommen sin. Overordna mål for behandling må alltid sjåast i lys av sjukehistoria til pasienten, ressursar, og motivasjon for endring.

Behandlinga kan vere ein kombinasjon av ulike behandlingsformer som:

Individuell psykoterapi

Det finst mange ulike typar psykoterapi. I døgnbehandling av anoreksi er det inga spesiell terapiform som klart kan tilrådast. Type individualterapi blir vurdert individuelt og i samråd med pasienten.

Miljøterapi

Miljøterapi blir definert som ei planlagd tilrettelegging av dagleglivet i ei døgneining. Miljøterapi som omgrep omfattar både det psykososiale miljøet i eininga, og relasjonen mellom miljøterapeuten og kvar enkelt pasient. I ei døgneining for eteforstyrringar vil eit viktig terapirom vere matsalen. Reernæring og utfordring av matangst er viktige element i miljøterapien.

Legemiddelbehandling

Behov for legemiddelbehandling blir vurdert individuelt og i samråd med pasienten.

Psykoedukativt (kunnskapsformidlande) familiesamarbeid

Når éin i familien slit med eteforstyrringar vil også familiemedlemmar kunne bli involverte i sjukdomsutviklinga. Ein psykoedukativ familietilnærming kan dempe stressnivået i familien, gi ei betre forståing for alle av kva ei eteforstyrring er, og gi betre meistring av måltid.

Gruppebehandling

Ved innlegging i døgneining kan noko av behandlinga skje i grupper, som til dømes psykoedukative grupper, samtalegrupper, kosthaldsgrupper og grupper for fysisk aktivitet.

Kor lang tid tek normalt behandlinga?

Forløpet ved eteforstyrringar varierer, dette medfører at det individuelle forløpet og prognosane for kvar enkelt ikkje kan anslåast.  

Oppfølging

Når pasienten blir skriven ut frå behandling i døgninstitusjon, er det svært viktig at vedkommande følgjer tilrådingane som blir gjevne og nyttar seg av tilrådde oppfølgingstilbod også etter utskriving. For mange tek det lang tid å bli frisk av ei eteforstyrring.

Det meste av behandlinga skal skje poliklinisk. Det er derfor veldig viktig med gode overgangar mellom døgnbehandling og poliklinisk behandling.

Spesielt viktig er det å følgje opp tilrådd kostplan, og halde ved like / halde fram med å arbeide mot ei normal vekt (BMI 20-25). Det vil vere med på å betre prognosen og redusere faren for tilbakefall.

Kontakt

Psykisk helsevern