Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Amming

Informasjon om ammestart og ammeråd som kan vere nyttige den første tida etter at barnet ditt er fødd.

Dei fleste nyfødde søker brystet rett etter fødselen og er veldig sugevillige. Men sjølv om barnet søker brystet og mor er klar for og innstilt på å amme, kan ammestarten for nokre mødrer og nyfødde by på utfordringar. Nokre kvinner kan oppleve at det å amme ikkje er så lett som dei hadde tenkt seg.

Jordmora du møter på svangerskapskontrollane og jordmødrer, barnepleiarar og helsesøstrer du møter etter fødselen, er der for deg og barnet ditt. Dei kan svare på spørsmåla dine, og gi råd om eller hjelp til amming. Bruk dei.

Les meir om amming på helsenorge.no

Før

Baby ved mors bryst. Foto
Foto: Colourbox

Kvifor er det bra å amme?

Morsmjølk er den beste maten for nyfødde og spedbarn. Morsmjølka, saman med tilskot av vitamin D frå fire vekers alder, inneheld alle dei næringsstoffa som den nyfødde treng. 

I tillegg til at amming er praktisk, hygienisk og rimeleg, gjer amming at livmora trekk seg raskare saman etter fødselen. Delvis amming vil også gi barnet og deg viktige helsegevinstar, så ikkje gi opp amminga om du ikkje får til å fullamme eller barnet ditt treng tillegg av anna mat. All morsmjølk barnet ditt kan få, er viktig for barnet.

Råd og veiledning om tilskudd av annen mat, vil du få av helsesøster når du er på kontroller med barnet ditt på helsestasjonen.

Ha barnet saman med deg så mykje som mogleg og la det få mykje hudkontakt. De vil då bli raskare og betre kjent med kvarandre og du vil kjenne deg tryggare ved heimreise frå sjukehuset. Hudkontakt vil òg kunne bidra til at mjølkeproduksjonen din kjem raskare i gang. Legg barnet til brystet når det viser teikn til å ville suge.
Som barselkvinne er det normalt at du har ein lett søvn med mange avbrot, fordi nyfødde har behov for nærleik (hudkontakt) og mat også om natta.

Brosjyre om samsoving og trygt sovemiljø for barnet (pdf)

Mjølkeproduksjonen blir stimulert av at barnet får amme hyppig. Dess oftare barnet ditt blir lagt til brystet, dess meir mjølk vil du produsere og det er gunstig for barnet ditt. Det er vanleg at barnet ønskjer å få mat 10-12 gonger per døgn, men det er også normalt at det ønskjer mat hyppigare enn det. Det er sjølvsagt forskjell frå barn til barn kor ofte dei viser teikn på svolt. Barnet bør ikkje leggast til brystet sjeldnare enn 6-7 gonger i døgnet. For å sikre at barnet får nok mat, bør du legge det ofte til brystet.

Sjølv om du dei første dagane ikkje trur at du har mjølk, vil der alltid vere noko mjølk i brysta. Dei dråpane du har, er det viktig at barnet får. Denne første mjølka/råmjølka er ekstra nærings- og energirik. Ved hyppig amming vil barnet sitt behov for næring bli tilfredsstilt. Små og hyppige måltid vil slik dekke barnets behov for mat. Hyppige måltid vil også stimulere produksjonen av morsmjølk. Eit barn som er fullbore, frisk og syg godt, treng ikkje morsmjølktillegg.

Det er normalt at spedbarn viser teikn på svolt og vil amme ofte. Legg barnet til brystet så snart det viser teikn til at det vil suge. Desse teikna kan vere at barnet strekkjer på beina/kroppen, rekkjer ut tunga, smattar og gliper med auga. Ikkje vent til barnet begynner å skrike før du legg det til brystet. Gråt er eit seint signal frå barnet om at det er svolte.

For å unngå infeksjonar er det viktig med god handhygiene. Vi anbefaler at du vaskar hendene før amming, dette er spesielt viktig når du er på sjukehuset. På sjukehuset er det mange bakteriar som kroppen din ikkje er kjent med, og dermed større risiko for infeksjon. Du bør vere forsiktig med å ta direkte på brystknoppane om du er sår på brystet.

Mobiltelefonen er ofte bakteriekjelde. Vask alltid hendene dine etter bruk av mobilen og før du steller barnet og legg det til brystet.

Under

Amming og barnets sugeteknikk

La barnets ansikt vere vendt mot deg. Barnet skal ligge med kroppen sin mot brystet ditt, slik at det slepp å vri hovudet for å nå fram. Nasen skal vere i høgde med brystknoppen.

Barnet får då riktig sugetak når det strekkjer seg mot brystet ditt. Når barnet bøyer hovudet lett bakover for å ta brystknoppen, blir haka pressa mot brystet og nasen blir frigjort slik at barnet kan puste medan det diar.

Suge- og gaperefleksen blir stimulert ved å forsiktig stryke brystknoppen mot nasen og overleppa til barnet. Når barnet gaper høgt (stort), som ved ein gjesp, blir det ført til brystet.

Du bør ikkje dytte brystknoppen mot barnet. Dersom du held på brystet må du vere oppmerksam på at ikkje fingrane dine er for nær brystknoppen og i vegen for barnet. Barnet skal ha mykje av det brune området av brystknoppen inn i munnen.

Pass på at barnet ligg tett inntil kroppen din heile tida. Barnet vil ofte gli litt bort frå brystet/kroppen din, og vil då miste det gode sugetaket og kan suge feil på brystknoppen din.

  • Få mest mogleg av brystet inn i munnen til barnet. Prøv å sikte mot ganen med brystknoppen. Det er der refleksen for å suge blir utløyst.
  • Om nasen blir klemt saman mot brystet ligg barnet kanskje for høgt på brystet, og med bøygd nakke. Trekk barnet litt ned, med hovudet lett strekt bakover. Hald barnet sin kropp tett inntil deg. Trykk helst ikkje på brystet med fingrane for å halde nasen til barnet fri, det kan stenge mjølkegangane dine. 
  • Normalt bør barnet suge til det slepp brystet sjølv. Om du tar barnet frå brystet, kan det vere lurt å oppheve undertrykket ved å putte veslefingeren din inn i munnen på barnet, og så fjerne brystet frå munnen. Dette er for å unngå at brystknoppane blir såre. 

 

Mor ammer baby. Foto
Foto: Colourbox

 

  • Det er ikkje smertefullt for deg å amme
  • Du høyrer svelgelydar når barnet får i seg mjølk
  • Barnet gaper høgt, ingen trutmunn
  • Underleppa er krølla litt utover
  • Munnen er full av bryst
  • Kjevemusklane jobbar rytmisk, heilt bak til øyra
  • Etter å ha amma vil forma på brystknoppen vere rund

 

Mor ammer baby. Foto
Foto: Colourbox

 

  • Det er smertefullt for deg å amme.
  • Barnet har smilehol i kinna medan det sug
  • Barnet suttar/smattar på brystknoppen og lagar trutmunn
  • Svært lang sugetid, over 30 minutt på eitt bryst
  • Barnet drar i brystet eller må sjølv vri på hovudet for å suge
  • Brystknoppen er skeiv etter amming

Om sugeteknikk og gode ammestillingar - sjå video frå Global Health Media

Ammehjelpens ammesjekkliste for mødrer første veka etter fødsel (pdf) 

Det er viktig at barnet tømmer brystet ditt heilt før du tilbyr det andre brystet. Dette er viktig for å stimulere mjølkeproduksjonen, og fordi den feitaste mjølka kjem til slutt. Barnet syg først for å sløkke tørsten, deretter for å bli mett. Det er den siste mjølka som er mest næringsrik, og derfor er det viktig at barnet får i seg denne mjølka. Dersom barnet syg på begge bryst under eitt måltid, er det viktig at du ved neste måltid først tilbyr det brystet som barnet avslutta sist måltid med.

Barnet bør bli lagt til brystet når det viser teikn til svolt. Hugs at det er vanleg at nyfødde et 10-12 gonger i døgnet. Rytmen på måltida kan variere – i perioder kan barnet ha behov for å ete kvar time, for så ha litt lengre soveperiodar. Om barnet ditt søv mykje dei første dagane, kan det vere nødvendig å vekke det for å amme. Ta kontakt med helsepersonell for rettleiing om barnet ditt har færre enn 6-7 måltid i døgnet.



Amming - handmjølking

Å handmjølke er ofte eit betre alternativ enn å pumpe seg, spesielt dei første dagane etter fødselen.
Det er ein fordel om du lærer deg å handmjølke før du reiser heim frå barselavdelinga. Handmjølking kan vere nyttig både for å stimulere mjølkeproduksjonen, og for å lette på trykket i brysta ved brystspreng/mjølkespreng.
Snakk med personalet på fødeavdelinga om du treng informasjon om eller hjelp til handmjølking. Dei kan rettleie deg, så du er trygg på korleis du handmjølkar før du reiser heim frå sjukehuset.

Når du handmjølkar for å stimulere produksjonen må du ikkje gi opp for fort. Du må handmjølke minimum 5–10 minutt på kvart bryst for å oppnå best effekt. Dei første dagane etter fødselen kan du ikkje vente at det kjem mykje mjølk når du handmjølkar. Kvar mjølkedråpe er verdifull for barnet og bør bli gitt til barnet. Du kan for eksempel samle mjølka opp på ei teskei og gi barnet mjølka med skeia. Små og hyppige måltid vil slik dekke barnet sitt behov for mat dei første dagane.

Informasjon om handmjølking frå Ammehjelpen

Dersom du har brystimplantat kan du vanlegvis amme barnet ditt. Det er viktig at du ammar ofte om du har implantat i brysta dine. «Lagringskapasiteten» er då mindre enn om brysta var utan implantat, så måltida blir mindre og må derfor komme hyppigare.

Dersom du har redusert storleiken på brysta dine kan det bli behov for tilleggsernæring til barnet ditt, i alle fall i periodar. Mjølkegangane kan bli skadde under ein brystreduksjonsoperasjon. Derfor må du som har redusert storleiken på brysta dine,  vere observant på om mjølkegangane og utdrivingsrefleksen fungerer som det skal i starten av amminga.

Fortell oss gjerne om du er operert i brysta, så vi kan gi deg rett rettleiing og hjelp om du treng det.

Les meir om brystoperasjonar og amming på ammehjelpen.no

Generelt er dei fleste medisinar mogleg å ta sjølv om du ammar. Likevel er det viktig å vere klar over at gravide og kvinner som ammar som hovudregel skal bruke så lite medisin som mogleg.

Snakk med legen

Dersom du bruker medisin må du ikkje slutte med han utan å ha diskutert det med legen din fyrst. Du bør heller ikkje endre på dosane/mengda medisin utan at dette skjer i samråd med legen din. Det kan vere større fare for barnet og deg om du sluttar eller endrar på medisinar du tek for sjukdomen din, enn det er å utsetje seg for dei biverknader som nokre medisinar kan gi.

Om du vert sjuk og treng medisin du ikkje har brukt før, må du fortelje legen at du er gravid eller ammar. Då kan legen velje type medisin ut ifrå det. Hugs at dette også gjeld kremar til huda, medikament som ikkje er på resept og naturmedisin.

Har du andre spørsmål om amming og medisinbruk?

Trygg mammamedisin er ei offentleg nettside som kan svare deg direkte på spørsmål om medisinar i graviditet og ammeperiode.

Gå til nettsidene til Trygg mammamedisin

Brystspreng

Når mjølkeproduksjonen kjem i gang kan du oppleve at brysta dine blir harde, dei følest «sprengde» og ømme. Får du mykje brystspreng kan det vere litt vanskeleg for barnet å få ut mjølka.

Når mjølkeproduksjonen startar, kan det nokon gonger komme «kuler» i brystet. Dette skuldast mjølkekjertlar som hovnar opp, eller at mjølka hopar seg opp. Håndmjølking kan hjelpe for dette.

Etter

Vonde bryst ved amming

Nokre kvinner får ulike utfordringar i samband med at mjølkeproduksjon startar eller ved amming.

Såre brystknoppar skuldast nesten alltid at barnet har fått feil tak på brystknoppen. Å sikre god ammestilling så barnet får riktig sugetak er viktig for å unngå, og for å behandle såre brystknoppar. 

Såre brystknoppar må ikkje forvekslast med ømme brystknoppar. Det er normalt å føle ømheit i brysta i starten av ammeperioden. Normal ømheit skal gå over i løpet av dei første 30 sekunda inn i amminga. Om smerta vedvarer, og blir litt verre for kvar gong du ammar er det noko som er gale.

Les meir om førebygging og behandling av såre brystknoppar på Ammehjelpen sine nettsider

Førebygging

Førebygging av såre brystknoppar er viktig for ei vellykka amming. Her finn du nokre råd som kan førebygge såre brystknoppar: 

  • Riktig sugetak og ammestilling er viktigast for å førebygge såre brystknoppar
  • Ver nøye med handhygienen
  • Varier mellom ulike ammestillingar
  • Om barnet ikkje slepp brystet sjølv, må du ikkje dra brystknoppen ut av munnen til barnet. Barnet vil sleppe brystet om du stikk veslefingeren din inn i barnet sin munnvik. Undertrykket som dannar seg i munnen til barnet under amming vil då bli oppheva og munnen løyser seg frå brystet. Du kan då løfte brystknoppen ut av barnet sin munn, utan at det blir drag og strekk på brystknoppen. 
  • Når du har amma vil det vere litt mjølk igjen på brystknoppen, la denne mjølken tørke inn før du tar på deg klede igjen. Mjølka legg seg som ei beskyttande hinne på brystknoppen.
  • Dusj dagleg og ha på deg mjukt tøy nærmast brystet. Unngå tøy som gnissar og irriterer brystknoppen. Unngå ammeinnlegg av papir den første tida. Unngå bruk av såpe på brysta, det tørkar ut huda.
  • Unngå stram BH som gjer at brystknoppen blir klemt innover i brystet. Dette kan lage fuktige groper rundt brystknoppen, noko som aukar førekomsten av bakteriar og dermed gir større risiko for infeksjon.

Behandling

Barnet må ofte amme ei stund før mjølka begynner å renne. For å korte ned denne tida og slik beskytte dei såre brystknoppane kan du sjølv stimulere utdrivingsrefleksen ved å massere brystet. Med reine fingertuppar masserer du lett det brune området rundt brystknoppen. Unngå å ta på sjølve brystknoppen. Når du ser at mjølka begynner å komme, legg du barnet til.

Eit viktig prinsipp ved behandling av sår hud er: «Tørt på tørt, vått på vått». Fuktige sår på brystknoppane kan rensast med saltvatn. Snakk med jordmor eller helsesøster om korleis du skal gjere dette.

Meir informasjon om såre brystknoppar finn du på ammehjelpen.no

Hormona som er i kroppen din rett etter fødselen fører til auka blodtilførsel og at væske hopar seg oppi brysta dine. Dette kjem samtidig med at mjølkeproduksjonen blir sett i gang. Dette er årsaka til at mange kvinner kjenner at brysta er hovne og ømme etter fødselen, og det blir kalla brystspreng. Brystspreng er mest vanleg mellom andre til femte døgn etter fødselen, og varer som regel frå eitt til to døgn, for nokon lenger.

Når brystet er hardt og sprengt, kan det vere vanskeleg for barnet å ta tak i brystknoppen. Eit tiltak for å lette påkoplinga for barnet er å handmjølke i 1-2 minutt før barnet skal die. Det brune feltet (areola) vil då bli mjukare, og gjer det lettare for barnet å få nok bryst inn i munnen. Spør om å få rettleiing i handmjølking før du reiser frå sjukehuset. Handmjølking før du legg barnet til, kan òg vere eit tiltak om du har såre brystknoppar. Barnet treng då ikkje suge så mykje/lenge for å få mjølka til å strøyme.

Når brystet blir fyllt med mjølk får du ei kjensle av spreng – det er mjølka i brysta som utløyser denne kjensla av spreng. Dette kan spesielt i starten av amminga vere litt ubehageleg. Etter amming og når brysta er tømt, er kjensla av spreng borte.

Ved mjølkespreng er brysta harde og spente fordi dei er fulle av mjølk og trykket inne i brysta er stort. Dette kan kome av at det er lenge siden du amma sist, eller at mjølkeproduksjonen er større enn den mengda mjølk barnet treng eller tar. Det er vanleg å kjenne mjølkespreng første gongen i løpet av den første veka etter fødselen. Men mjøkespreng vil kunne kome og gå gjennom heile ammeperioden.

Meir informasjon finn du på ammehjelpen.no:

Oppmjuking av mjølkespreng

Mjølkespreng, mykje mjølk og overproduksjon

Blir ein mjølkegang tett, kan drenasjen av mjølka bli hemma. Barnet greier ikkje tømme dei mjølkekjertlane/mjølke reservoara som ligg bak den tette mjølkegangen. Brystet ditt blir då ømt og raudflamma med smerter/ubehag over det området der den tette mjølkegangen er. Du kan få lett feber.

Det kan vere lurt å legge barnet til brystet slik at haka til barnet vender mot det ømme området av brystet. Dette gjer det lettere for barnet å løyse opp tilstoppinga og tømme brystet. Når brysta er tømt, vil feber og smerter/ubehag gå over. Men om tilstanden ikkje blir betre i løpet av eit par døgn eller du føler deg sjuk sjølv om barnet har amma og brystet kjennest «tomt», må du oppsøke lege.

Brystbetennelse og tette mjølkegangar blir ofte forveksla fordi symptoma kan vere like.

Les meir om tette mjølkegonger på ammehjelpen.no

Brystbetennelse er ein tilstand som krev behandling. Brystet blir då raudt, varmt, vondt, du kan få høg feber (over 39,5 grader) og generell sjukdomskjensle, influensasymptom. 

Ved mistanke om tette mjølkegangar eller brystbetennelse skal brystet ha ro.
Anbefalingane er :
  • amme som normalt på etterspørsel frå barnet
  • bruke kalde omslag i 10-20 minutt mellom amming for å få ned heving i brystvevet
  • ta betennelsesdempande / smertestillande ved behov
  • IKKJE massere brystet
  • varme omslag på brystet rett før amming kan lette utdrivinga av mjølk
Hvis du mistenker brystbetennelse vil dette vere førstevalget som behandling i 12-24 timer. Kontakt lege før dette dersom du i løpet av dette døgnet blir mykje dårligare, får høg feber, kvalme, oppkast eller får meir vondt i brystet. Du kan da ha behov for antibiotika.

Legen vil da ta prøver av mjølka di og frå sår du ev. har på brystknoppen. Dette er for å finne ut kva for bakteriar som er årsak til betennelsen, slik at du kan få rett behandling.

Les meir om brystbetennelse på ammehjelpen.no 

Kontakt

Førde sentralsjukehus Kvinneklinikken

Kontakt Kvinneklinikken

Oppmøtestad

Føde- og barselavdeling
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten direkte ved oppmøte i luke eller ved telefonkontakt 578 39 233. Kontakt etter klokka 15.00 til tlf: 578 39 233/578 39 132, då går telefon direkte inn på felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Ved oppmøte i avdelinga etter klokka 15.00, ta direkte kontakt med personell på vaktrom i 5. etasje (gå inn dør til fødeavdeling, første dør til høgre).

Gynekologisk sengepost
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten ved direkte oppmøte i luke eller ved telefonkontakt 578 39 233. Kontakt etter klokka15.00 til tlf: 578 39 233/578 39 132, då går telefon direkte inn på felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Dersom du som pasient har fått time til konsultasjon føl du instruksen på innkallinga i høve oppmøtestad.

Føde poliklinikk
All kontakt via telefon i høve ultralyd. Du kan du ringe på dagtid måndag til fredag frå klokka 08.00 til klokka 15.00, på tlf: 578 39 233. Har du time på fødepoliklinikk kontaktar du ekspedisjonen i 6. etasje (innerst i gangen på gynekologisk poliklinikk).

Gynekologisk poliklinikk
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 6. etasje frå mandag - fredag frå kl.08.00 - 15.00 (innerst i gangen på gynekologisk poliklinikk). Telefon: 57839239/ 57839241

Amme poliklinikk - fredagar
Har du ønskje om time på ammepoliklinikk, ring sekretær på dagtid måndag til fredag klokka 08.00 - 15.00, telefon: 578 39 233. Tilvising er ikkje naudsynt. Oppmøtestad til ammepoliklinikk er på venterom i 6. etasje.

Samtalepoliklinikk
Har du behov for fødselssamtale er det naudsynt med tilvising frå jordmor eller fastlege. Her treff du faste jordmødre som i tillegg til samtalepoliklinikken, jobber ved føde/barsel avdelinga. Oppmøtestad er i 6. etasje. Du må gjerne ha med partner under samtalen.

En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Frå Førde Sentralsjukehus går flybussen 70 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Nordfjord sjukehus og Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer.

Ved Førde sentralsjukehus kan du også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 16.30.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Bommen ved pasientparkeringa opnar seg automatisk. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet:

Kart over parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus
 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

For å avgrense smitte under pandemien kan det vere andre visittider og reglar som gjeld. Sjå Smittestatus virussjukdomar​ for meir informasjon.​​

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.