Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Alderspsykiatri

Alderspsykiatri er spesialisthelseteneste for personar som får ein psykisk sjukdom etter fylte 65 år. Det kan vere angst, depresjon, psykose, demens eller andre psykiatriske sjukdommar. Utgreiing og behandling kan føregå både poliklinisk, ambulant og ved innlegging på sengepost.

Tilvising og vurdering

Aktuelle pasientgrupper som bør få behandling/utgreiing i alderspsykiatrien:
  • Pasientar med ei alvorleg psykiatrisk liding som debuterer etter fylte 65 år.
  • Pasientar med demenssjukdom og betydelege åtferdsproblem og/eller psykiatriske symptom.
  • Pasientar med uavklart demenssjukdom eller mistanke om kognitiv svikt. Dette gjeld også pasientar under 65 år.
  • Pasientar med ei alvorleg psykiatrisk liding frå tidlegare, men ingen etablert kontakt i vaksenpsykiatrien, eller når samtidige sjukdommar og/eller høg alder gjer alderspsykiatrien hensiktsmessig.
  • Pasientar med samansette og komplekse tilstandar som involverer psykiatri, somatikk, kognisjon og multifarmasi.




Før

Utgreiing i poliklinikk

Når tilvisinga har blitt rettighetsvurdert og rett til helsehjelp i spesialisthelsetenesta er innvilga, vil du få innkalling til time. Nokre gonger ønsker vi at du har med deg pårørande til undersøkinga. Du vil få beskjed om dette på førehand. 

På poliklinikken blir du tatt imot av ein fagperson. Før undersøkinga startar, blir du informert om kva som skal skje.

  • Ta med deg briller og høyreapparat dersom du bruker det. 
  • Ta også med oversikt over kva medisinar du bruker. 

Behandlaren snakkar med deg om situasjonen din og bruker standardiserte skjema for å kartlegge symptoma og plagene dine. Det kan vere kartlegging av humør, angstplager eller problem med hukommelsen. Dersom det er nødvendig, vil ein lege undersøke deg kroppsleg. 

Dersom du har med deg pårørande, vil ein behandlar gjerne snakke med vedkommande. Pårørande blir også bedt om å svare på spørsmål om situasjonen din. Mot slutten av utgreiinga vil du og dine pårørande ha ei felles avsluttande samtale med behandlar.

Ambulant utgreiing

Ambulant utgreiing betyr at fagpersonar frå spesialisthelsetenesta besøker deg der du bur. Dette skjer i dei tilfella der du er så alvorleg psykisk sjuk eller fysisk svekka at du ikkje kan komme til poliklinikken.

Under undersøkinga vil ein fagperson ha ei samtale med deg. I tillegg blir det brukt standardiserte utgreiings- og kartleggingsinstrument. Vi hentar også opplysningar frå personalet og frå pårørande når det er mogleg.

Utgreiing på alderspsykiatrisk sengepost

I nokre tilfelle blir det aktuelt med innlegging på alderspsykiatrisk sengepost. Når du kjem til sengeposten, vil du bli tatt imot av ein fagperson som viser deg rommet ditt. Du vil få ei samtale med sjukepleiar/miljøterapeut og lege. Pårørande eller personale frå den institusjonen du har vore på, kan vere til stades under samtala. Legen vil undersøke deg og bestille eventuelle nødvendige tilleggsundersøkingar.

Under opphaldet på sengeposten vil det bli tatt forskjellige testar. Pårørandemøte blir avtalt etter behov. Vi vil vurdere ressursane dine med tanke på eigenomsorg, og du får samtale med behandlaren din minst ein gong i veka.

Før du reiser heim, vil det vere eit oppsummeringsmøte, eventuelt saman med andre aktuelle representantar frå sjukehuset og kommunen din. Det blir også etablert kontakt med kommunen for informasjon om heimreise dersom du har behov for kommunale tenester. Dersom du treng nye medisinar, blir dette ordna før du reiser heim.

Under

Slik føregår utgreiinga

Uansett om utgreiinga føregår på poliklinikk, heime hos deg eller mens du er innlagd på en alderspsykiatrisk sengepost, består den av dei same hovudelementa:  

Samtale for å kartleggje symptom og plager 

Behandlaren du møter vil snakke med deg om din situasjon, og bruke standardiserte skjema for å kartlegge dine symptom og plager. Det kan for eksempel vere kartlegging av humør, angstplager eller problem med hukommelse.  

Fysisk undersøking

Dersom det er nødvendig vil ein lege undersøke deg fysisk, og tilvise deg til eventuelle andre undersøkingar, til dømes spinalprøve, MR-bilde av hovudet og/eller blodprøvar. 

Samtale med pårørande og evt. behandlare/pleiepersonale  

Dersom du har med deg pårørande vil ein behandlar gjerne snakke med dei. Dei blir bedt om å svare på spørsmål om din situasjon. Vi får også opplysningar frå personalet der du bur. Møte med pårørande blir avtalt etter behov.

Oppsummering/vidare plan 

På slutten av utgreiinga vil du og dine pårørsnde ha ein felles avsluttande samtale med behandlar. Dersom du har vært innlagd ved alderspsykiatrisk sengepost under utgreiinga, vil det være eit møte med oppsumering før du reiser heim, eventuelt saman med andre fagpersonar frå sjukehuset og din kommune. Dersom du treng kommunale tenester, vil sjukehuset gje kommunen beskjed om at du skal bli skreven ut. 

Behandling

Behandlinga av alderspsykiatriske lidingar består av psykoterapi, behandling med medisinar og elektrokonvulsiv terapi (ECT), og psykososiale tiltak som inneber tilrettelegging av praktisk hjelp og rett omsorgsnivå. Vi ønsker å legge til rette behandlinga i samarbeid med deg og dine pårørande.

Medisinar kan vere aktuelt ved ulike psykiske symptom. Legen vil vere spesielt opptatt av om medisinen passar saman med dei andre medisinane du bruker, og det vil vere viktig at du gir beskjed om biverknader.






Etter

Etter behandling i alderspsykiatrisk avdeling kan det bli lagt til rette for ulike alternativ for oppfølging. 
  • Dersom du har vore behandla ved innlegging i døgnavdeling, kan det vere aktuelt at du i ein periode kjem til alderspsykiatrisk poliklinikk eller får oppfølging ambulant. 
  • Nokre gonger kan denne oppfølginga også bli gitt ved eit distriktspsykiatrisk senter (DPS)

Dei fleste, både dei som har vore behandla ved innlegging, og dei som har hatt eit poliklinisk tilbod, vil ha behov for tilbod i kommunehelsetenesta som heimesjukepleie, psykiatrisk sjukepleiar og heimehjelp. Fastlegen har då hovudansvaret for behandlinga di framover og vil samarbeide med aktuelle samarbeidspartnarar.




Kontakt

Førde sentralsjukehus Psykisk helsevern

Kontakt Psykisk helsevern
En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

En bygning med en fontene i fronten

Nordfjord psykiatrisenter

Sjukehusvegen 9

6770 Nordfjordeid

Sunnfjord medisinske senter

Hans Blomgate 39

6905 Florø

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Frå Førde Sentralsjukehus går flybussen 70 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Buss

Nordfjordeid Rutebilstasjon ligg i Nordfjordeid sentrum og er om lag ein kilometer frå psykiatrisenteret/BUP/sjukehuset.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Nordfjordeid er det også bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Nordfjord sjukehus og Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer.

Ved Førde sentralsjukehus kan du også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 16.30.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Bommen ved pasientparkeringa opnar seg automatisk. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet:

Kart over parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus
 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

For å avgrense smitte under pandemien kan det vere andre visittider og reglar som gjeld. Sjå Smittestatus virussjukdomar​ for meir informasjon.​​

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.

​Psykiatrisenteret er ope for besøk av pårørande og andre heile dagen. Vi ber likevel om at besøkande ringjer på førehand slik at besøket ikkje kolliderer med andre aktivitetar.