Behandling
Akutt tåresekkbetennelse - opning av abscess
Tåresekkbetennelse gir smertefull, raud hevelse like nedanfor augekroken inn mot nasen. Det kan også gje sjukdomsfølelse og feber. Dette kjem som regel av tårekanalar. Om betennelsen ikkje lar seg behandle med antibiotika, kan det vere aktuelt å åpne byllen kirurgisk.
Før
Om betennelsen ikkje har blitt bedre av antibiotika, varme kompressar og massasje, og abscessen er spent, smertefull og ikkje har blitt bedre, er det aktuelt å åpne byllen kirurgisk. Ta med deg namn på medisinane du eventuelt har brukt (oftest antibiotika i form av augedråpar eller tablettar).
Under
Som regel trengst ikkje lokalbedøving. Det blir laga ei lita opning med ein spiss skalpell midt i abscessen slik at denne tømmer seg og avlastar trykket. Pusshola blir skylt med antibiotika i flytande form, og det blir lagt inn ein slags tampong/veike duppa i antibiotika. Området blir dekt med ein lett komprimerande bandasje til neste kontroll.
Etter
Kontroll blir utført ein av dei påfølgande dagane etter behandlinga.
Har du hatt gjentatte episodar med tåresekkbetennelse, vil du bli tilvist vidare for eit større inngrep for fjerning av tåresekken, og ny tåreveg.
Dersom gjentekne episodar med betennelse i tåresekken vil det vere trong for eit større inngrep inngrep i området rundt tåresekken.
Dette vil i dei fleste tilfelle kunne utførast ved Førde sentralsjukehus. Du vil få nærare informasjon om dette av legen.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Augeavdeling
Oppmøtestad
Finne informasjonen som står i innkallingsbrevet.Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde