ADHD hos barn og unge
Ved mistanke om ADHD hos deg som er barn/ungdom, kan foreldre/føresette kontakte barnehagen, skulen, helsesjukepleiar eller fastlegen. Eller desse tek kontakt med foreldre/føresette ved mistanke om ADHD. Dei vurderer i fellesskap om det er grunn til å gå vidare til kommunale tenester, som til dømes PPT eller fastlegen, som igjen vurderer behovet for å tilvise til spesialisthelsetenesta.
Personer med ADHD har symptomer på uoppmerksomhet, impulsivitet eller hyperaktivitet. Hos jenter er uoppmerksomhet ofte mer dominerende enn hos gutter. Fastlegen kan henvise deg eller barnet ditt til videre utredning.
Les meir på helsenorge.no
Tilvising og vurdering
Viss du eller nokon rundt deg lurer på om du har ADHD, kan du bestilla time hos fastlegen din. Fastlegen vil snakka med deg og foreldra dine og gjera nokre undersøkingar. Dersom fastlegen trur du har ADHD vil du bli vist vidare til ein Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) for vidare undersøkingar og eventuelt behandling.
Den som tilvise barn og unge vidare til spesialisthelsetjenesten med mistanke om ADHD, gjer desse vurderingane:
Kartlegging av barnet sin psykiske og fysiske status, identifisere utfordringar og samanhengar, vurdere og iverksetje aktuelle tiltak.
Grundig anamnese med vekt på utviklingshistorie inklusive tilleggsopplysningar om skulegang, eventuelt utdanning og arbeid, fritidsaktivitetar og interesser.
Vurdering av syn og hørsel og eventuell sjukdom eller medisinsk behandling som kan forklare vanskane.
Vurdering av tidlegare og aktuelle somatiske og psykiske symptom/plager/sjukdomar.
Vurdering av eventuelle utviklingsforstyrringar.
Vurdering av psykososiale belastingar.
Vurdering av ADHD-symptom – type, omfang og innverknad på funksjon i kvardagen.
Vurdering av andre relevante forhold, til dømes om barnet har lærevanskar, om det er gjennomført psykologiske og/eller pedagogiske testar eller andre observasjonar.
Den som mottek tilvisinga har ansvar for:
Innhente samtykke for samarbeid
Avklare og inkludere aktuelle aktørar
Fordele ansvar og oppgåver
Utarbeide utgreiingsplan
Utgreiing
Behandling
Medikamentell behandling
Oppfølging
BUP samanfattar og evaluerer behandlinga. Du og dine føresette får informasjon og opplæring, og etter avtale kan informasjon og opplæring også bli gitt til barnehage, skule, PPT og eventuelt barnevernstjenesten. Ved avslutning skriv BUP eit samandrag (epikrise) av det som gjeld for deg, og sender denne til fastlegen eller andre som har vist deg til oss. Det er fastlegen din som har ansvaret for den vidare oppfølginga.
Relevante lenker:
Kontakt
-
Kontakt Førde BUP
Oppmøtestad
Hovudinngangen ligg i Svanehaugvegen 6, på sørsida av Dagabygget.
Under bygginga av det nye sjukehuset er det ikkje ordinære parkeringsplassar i nærleiken av hovudinngangen.
Rådet er å parkere på pasientparkeringa og gå langs Svanehaugvegen til hovudinngangen.
Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Transport
Buss
Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.
På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.
Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.
Flybuss
Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.
Parkering
Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.
Taxi
Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.
Praktisk informasjon
Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.
Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande. Sjukehusapoteket er altså open for alle.
På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.
Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.
Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.
For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.
Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.
Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.
Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.
Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.
Ved Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer. Du kan også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.
Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.
Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.
Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid 09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.
Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.
Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.
Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.
Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.
Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.
Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.
Blodgjevarar og rørslehemma har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.
Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen, nord-aust for Svanabygget som er hovudbygningen ved sjukehuset. På nedsida av parkeringsplassen er det også ladepunkt for el-bil.I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.
Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.
Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.
Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.
Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.
Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.
Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.
Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.
Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:- Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
- Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
- Les nøye gjennom vilkåra.
- Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
- Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82. - Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet. - Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30. - Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet. - Kvinneklinikken:
Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga. - Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale. - Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne. - Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.
-
Kontakt Sogndal BUP
Indre Sogn psykiatrisenter
Dalavegen 29
6856 Sogndal
Transport
Buss
Sogndal Skysstasjon ligg i Sogndal sentrum og er om lag ein kilometer frå Indre Sogn psykiatrisenter.
På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.
Frå Sogndal er det også gode bussamband til Bergen og Oslo.
Båt
På nettsidene til skyss.no finn du ekspressbåtruter med oversikt over stoppestadar og tider for rutene mellom Sogndal og både Bergen og Måløy/Selje.
Flybuss
Det går direkte flybuss frå Sogndal Lufthamn Haukåsen til Sogndal Skysstasjon ved alle fly som kjem. Frå Sogndal Skysstasjon går flybussen 70–75 minuttar før alle flyavganger – rutetider på nettsidene til skyss.no
Parkering
Det er mogleg å parkere gratis på området for pasientar og besøkande.
Taxi
Drosjesentralen i Sogndal er ved Skysstasjonen. Ved behov kan våre tilsette i resepsjonen bestille taxi til deg.
Praktisk informasjon
Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.
Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.
Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid 09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.
Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.
Visittider sengepostane: Etter avtale.
-
Kontakt Nordfjord BUP
Oppmøtestad
Sjukehusvegen 7, 6770 Nordfjordeid.
Nordfjord barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (Nordfjord BUP) held til i eit grått hus med raude lister og raudt tak like nedanfor Nordfjord sjukehus og Nordfjord psykiatrisenter.
Nordfjord psykiatrisenter
Sjukehusvegen 9
6770 Nordfjordeid
Transport
Buss
Nordfjordeid Rutebilstasjon ligg i Nordfjordeid sentrum og er om lag ein kilometer frå psykiatrisenteret/BUP/sjukehuset.
På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.
Frå Nordfjordeid er det også bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.
Parkering
Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.
Taxi
Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.
Praktisk informasjon
Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.
Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.
Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.
Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.
Psykiatrisenteret er ope for besøk av pårørande og andre heile dagen. Vi ber likevel om at besøkande ringjer på førehand slik at besøket ikkje kolliderer med andre aktivitetar.
Frå og med 1. mars 2025 vert Nordfjord psykiatrisenter heilt røykfritt. Dette tiltaket er ein del av innsatsen vår for å fremje eit sunnare og reinare miljø for alle, både pasientar, besøkande og tilsette.
-
Kontakt Ungdomspost Psykisk helsevern
Oppmøtestad
Støabygget, Svanehaugvegen 7, 6812 Førde. Ved Førde sentralsjukehus i trekanta lågbygg.