Ein vesentleg del av tilnærminga og relasjonsbygginga byggjer på omsorg og empati i møte med ein abstinent pasient. Behandlingspersonel gir hyppige tilsyn og hjelper pasientane med basale behov i den tida dei er tilbaketrukket på pasientrommet i abstinensperioden. Det leggast vekt på å ha eit positivt og motiverande miljø for pasientane, der også planlagte individuelle motivasjons- og kartleggingssamtalar er ein del av opphaldet. Det er eit mål at personalet er til stades til ei kvar tid. Dette er for å kunne dempe og snu negative stemningar.
Behandling med legemiddel
Vi søker å gi abstinensbehandling utan bruk av A- og B preparat. Dette blir kun brukt unntaksvis og då som regel på medisinsk grunnlag. Vi tilbyr planlagte nedtrappingsløp.
Alternativ abstinensbehandling
Gjennom erfaringsbasert kunnskap er det tatt i bruk nokre alternative metodar i abstinensbehandlinga som eit supplement til legemiddel, til dømes Nada-akupunktur og massasjebad.