Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Abort - Spontan abort og missed abortion

Ein spontanabort er når svangerskapet går til grunne før fosteret er levedyktig. Dette skjer i 10 til 20 prosent av alle erkjente svangerskap. Spontanabort kan skje så seint som i 22. svangerskapsveke, men 97 prosent skjer i løpet av dei første tolv vekene.

En spontanabort er et uventet tap av fosteranlegg (embryo) eller foster før svangerskapsuke 22. I de fleste tilfeller skjer det i løpet av de første tolv ukene.

Les meir på helsenorge.no

Omlag halvparten av alle befrukta egg går til grunne eller endar med ein spontanabort. Årsaka er i dei fleste tilfelle ukjent. Det er oftast genfeil som skjer spontant, og som ikkje er arva frå foreldra. Spontanabort kan dermed i mange tilfelle sjåast på som naturens eigen måte å hindre at foster som ikkje har moglegheit til å overleve utviklar seg vidare.

Andre årsakar kan vere hormonelle grunnar, misdanning i livmora, kronisk infeksjon i slimhinna i livmora, høg alder, røyking, blodsjukdommar (trombofili), sjukleg overvekt, diabetes eller lågt stoffskifte.



Tilvising og vurdering

Ein gynekologisk undersøking vil vise om livmorhalsen har opna seg og om fostervev eller morkakevev har passert eller ligg i skjeden. Med ultralyd kan vi frå sjette svangerskapsveke vanlegvis sjå om det er ein intakt graviditet og om embryoet er levande.

Før

Det er ingenting du sjølv kan gjere for å stoppe ein spontanabort som er kome i gong.

Under

Spontanabortar blir delt inn i to kategoriar:

  • Inkomplett spontanabort - Aborten har starta, men det er fortsatt mykje vev igjen i livmora. Du treng behandling for å fullføre aborten.
  • Komplett spontanabort - Mesteparten av vevet har kome ut. Det er no som ein vanleg menstruasjonsbløding og treng ikkje behandling.
Ved inkomplett abort kan du behandlast med tablettar:

Svangerskapslengde kortare enn 9 veker

Du startar behandlinga med Mifepriston (Mifegyn®) ved poliklinikken. Resten av behandlinga skjer heime. 

Misoprostol (Cytotec ®) 800 mikrogram (fire tablettar) blir sett inn i skjeden 24 timar etter Mifegyn. Desse tablettane får livmora til å trekke seg saman, slik at svangerskapsprodukta blir støyta ut. 

Du kan få sterke smerter. Som smertestillande kan du bruke paracetamol og diclofenac. Det er bra å vere i normal aktivitet så lenge du klarar, og du kan også ete og drikke som normalt.

Du må ha ein vaksen person tilstades heime samen med deg.

Dersom svangerskapsvevet ikkje er støytt ut i løpet av 2 veker må du kontakte poliklinikken for kontroll. Det er fint om du møter fastande i tilfelle det blir nødvendig å tømme livmorhola i narkose.

Svangerskapslengde over 9 veker

Same behandling som over, men du blir innlagt på sjukehuset. Det er ofte meir smerter og bløding når svangerskapet har kome lenger. Det er derfor behov for ekstra smertestillande og hjelp av sjukepleiar.

Etter

  • Smerte som ved menstruasjon er vanleg.
  • Bløding er vanleg dei to til tre første vekene.
  • Mange har mørk utflod eller småblødingar i fleire veker etter aborten.
  • Vent med samleie til blødinga har stoppa.
  • Bruk bind og ikkje tampongar - desse aukar infeksjonsfaren.
  • Skal du begynne med p-pille, kan du starte same dagen som aborten.
Menstruasjonen kjem vanlegvis tilbake fire til seks veker etter aborten. Den første menstruasjonen er ofte kraftigare og meir langvarig enn vanleg.

Det er ikkje auka risiko for spontanabort om du blir gravid like etter ein spontanabort. Det er opp til deg å bestemme når du er klar for neste svangerskap.

Du får tilbod om oppfølging etter aborten dersom det oppstår komplikasjonar. Du vel om du ønsker det skal skjer hos fastlege eller på sjukehuset der du ble behandla. 

Du kan når som helst også kontakte den landsdekkande og gratis helsetenesta Amathea for samtale etter abort, amathea.no eller telefon 906 59 060.

Ver merksam

Kontakt sjukehuset dersom du blør så kraftig at du blir svimmel og uvel. Ta også kontakt ved aukande smerter eller ved feber over 38 grader.


Kontakt

Førde sentralsjukehus Kvinneklinikken

Kontakt Kvinneklinikken

Oppmøtestad

Føde- og barselavdeling
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten direkte ved oppmøte i luke eller ved telefonkontakt 578 39 233. Kontakt etter klokka 15.00 til tlf: 578 39 233/578 39 132, då går telefon direkte inn på felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Ved oppmøte i avdelinga etter klokka 15.00, ta direkte kontakt med personell på vaktrom i 5. etasje (gå inn dør til fødeavdeling, første dør til høgre).

Gynekologisk sengepost
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten ved direkte oppmøte i luke eller ved telefonkontakt 578 39 233. Kontakt etter klokka15.00 til tlf: 578 39 233/578 39 132, då går telefon direkte inn på felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Dersom du som pasient har fått time til konsultasjon føl du instruksen på innkallinga i høve oppmøtestad.

Føde poliklinikk
All kontakt via telefon i høve ultralyd. Du kan du ringe på dagtid måndag til fredag frå klokka 08.00 til klokka 15.00, på tlf: 578 39 233. Har du time på fødepoliklinikk kontaktar du ekspedisjonen i 6. etasje (innerst i gangen på gynekologisk poliklinikk).

Gynekologisk poliklinikk
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 6. etasje frå mandag - fredag frå kl.08.00 - 15.00 (innerst i gangen på gynekologisk poliklinikk). Telefon: 57839239/ 57839241

Amme poliklinikk - fredagar
Har du ønskje om time på ammepoliklinikk, ring sekretær på dagtid måndag til fredag klokka 08.00 - 15.00, telefon: 578 39 233. Tilvising er ikkje naudsynt. Oppmøtestad til ammepoliklinikk er på venterom i 6. etasje.

Samtalepoliklinikk
Har du behov for fødselssamtale er det naudsynt med tilvising frå jordmor eller fastlege. Her treff du faste jordmødre som i tillegg til samtalepoliklinikken, jobber ved føde/barsel avdelinga. Oppmøtestad er i 6. etasje. Du må gjerne ha med partner under samtalen.

En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Frå Førde Sentralsjukehus går flybussen 70 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Nordfjord sjukehus og Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer.

Ved Førde sentralsjukehus kan du også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 16.30.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Bommen ved pasientparkeringa opnar seg automatisk. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet:

Kart over parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus
 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

For å avgrense smitte under pandemien kan det vere andre visittider og reglar som gjeld. Sjå Smittestatus virussjukdomar​ for meir informasjon.​​

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.