HELSENORGE
Kvinneklinikken

Abort, planlagt

I Noreg har kvinner lovfesta rett til sjølvbestemt abort innan utgangen av 12. svangerskapsveke. Seinare i svangerskapet må søknaden behandlast av abortnemnda ved sjukehuset.

Ventetider

Innleiing

Du får stadfesta at du er gravid på grunnlag av manglande menstruasjon, positiv graviditetstest og gynekologisk undersøking. Dersom du er ufrivillig gravid og vurderer å avbryte svangerskapet er det viktig at du tar kontakt så tideleg som mogeleg. Du treng ikkje tilvising frå fastlege, men kan ta direkte kontakt med gynekologisk avdeling på sjukehuset.

Når du tar kontakt med lege, helsestasjon eller sjukehus vil dei spørje om datoen for første dag i siste menstruasjon. Lov om svangerskapsavbrot gir deg rett til å bestemme om du vil avbryte svangerskapet innan utgangen av veke 12. Hugs at 12 veker betyr frå første dag ved siste menstruasjon. Dersom denne tida begynner å nærme seg, må du informere legen om det for at du skal sleppe å vente på time. Etter 12. svangerskapsveke må søknad om abort bli behandla av ei abortnemnd.

Tilvising og vurdering

Fastlegen vil gjere gynekologisk undersøking for å vurdere svangerskapslengde før vidare tilvising til sjukehuset. Du vil bli bedt om å signere eigenerklæring "Begjæring om svangerskapsavbrot". 

Du kan også ta direkte kontakt med sjukehuset for undersøking. Også då må du signere "Begjæring om svangerskapsavbrot".

Utgreiing

På sjukehuset får du ein samtale med sjukepleiar og lege ved gynekologisk poliklinikk. Du vil få ein gynekologisk undersøking med ultralyd for å fastslå svangerskapslengde. Det blir bestemt abortmetode og det vanlege er at aborten blir igangsett med medikament. Kirurgisk abort blir sjeldant brukt grunna risiko ved narkose og unødig inngrep på livmora.

Du vil få grundig informasjon og samtale før endeleg behandling vert bestemt.

Behandling

Les meir om Abort, medikamentell heimeabort

Abort, medikamentell heimeabort

I Noreg har kvinner lovfesta rett til sjølvbestemt abort innan utgangen av 12. svangerskapsveke. Seinare i svangerskapet må søknaden behandlast av abortnemnda ved sjukehuset.

For at medikamentell abort skal kunne skje heime må du vere over 18 år og frisk. Du må kunne forstå og snakke norsk, og ha høve til å ha ein vaksen person saman med deg. Heimeabort er aktuelt fram til svangerskapsveke 9. Ved nokre sjukehus er heimeabort mogleg fram til veke 10.

  1. Før

    Innleiande behandling

    Du har vore til undersøking og vurdering på sjukehuset og det er avtalt at aborten skal skje heime ved hjelp av medikament. Det er to ulike medikament som blir nytta:

    • Mifegyne som startar abortprosessen
    • Cytotec som hjelper kroppen å fullføre aborten

    Første del av behandlinga skjer på sjukehuset. Du får tabletten Mifegyne som du svelger, og når den er tatt er det for seint å ombestemme seg. Før du forlet sjukehuset får du med deg Cytotec og smertestillande for vidare behandling heime.

    Du kan få blødning og menstruasjonsliknande magesmerter i løpet av dei neste dagane. Bruk bind og ikkje tampongar ved blødning. Ved behov for smertestillande kan du ta paracetamol 1 gram inntil fire gonger i døgnet. Hos nokre få skjer aborten utan at vidare behandling er nødvendig.

    Ta kontakt med sjukehuset dersom:

    • du kastar opp før det er gått 2 timar etter inntak av Mifegyne
    • aborten skjer utan at vidare behandling er sett igang

    Lev elles så normalt som mogeleg.

  2. Under

    Vidare behandling heime

    To dagar etter at abortprosessen blei starta på sjukehuset held du fram behandlinga heime. Det er nødvendig at du har ein vaksen person i lag med deg.

    Korleis går du fram?

    • start behandlinga om morgonen
    • plasser 4 tablettar Cytotec djupt i vagina/skjeden
    • vent 10-15 minutt med å reise deg opp - deretter bør du vere oppe for å hjelpe prosessen igang
    • bruk medikament for smerter og kvalme etter informasjon frå sjukehuset
    • spis, drikk og lev elles som normalt

    Vanlegvis vil aborten skje 4-6 timar etter at tablettane med Cytotec blei sett. Dersom det går meir enn 6 timar før du får blødning ringer du sjukehuset for informasjon og vidare avtale.

    NB! Du kan få sterke menstruasjonssmerter og det er vanleg med rikeleg bløding. Om du blir utrygg i situasjonen tar du kontakt med sjukehuset.

    Obs! Du kan ikkje køyre bil denne dagen

  3. Etter

    Du kan vere i vanleg aktivitet dersom du føler deg i form til det.

    Etter 4-6 veker vil menstruasjonen oftast vere tilbake. Det er ikkje uvanleg at den første menstruasjonsblødninga både er kraftigare og varar lengre enn du er van med.

    Hormonell prevensjon kan takast i bruk så snart aborten er sluttført. Spiral kan setjast inn etter 4 veker, og skjer vanlegvis hos eigen lege.

    Etterkontroll

    Du skal ta graviditetstest 4 veker etter aborten for å påvise at svangerskapet er avslutta.

    Ta kontakt med sjukehuset ved:
    • feber - temperatur over 38°C
    • smerter og kraftig blødning (med klumpar) i meir enn 2 veker
    • positiv graviditetstest 4 veker etter aborten
    • blødning som held fram i meir enn 4 veker etter aborten
    • ikkje har fått tilbake menstruasjonen 4-6 veker etter aborten

    Vi gjer merksam på at inntakt graviditet etter abort vil inntreffe hos 1-2 kvinner av 1000 som får behandling. Dette talet er likt for både medikamentell og kirurgisk abort.

Gå til Abort, medikamentell heimeabort

Les meir om Abort, medikamentell på sjukehus

Abort, medikamentell på sjukehus

Du kan få medikamentell abort på sjukehuset fram til og med veke 12 i svangerskapet. Seinare i svangerskapet må søknaden bli behandla av abortnemnda ved sjukehuset for at aborten skal kunne bli gjennomført.På same måte som ved heimeabort vil du få eit medikament som startar abortprosessen. Etter to dagar kjem du tilbake til sjukehuset for å gjennomføre aborten her.

  1. Før

    På sjukehuset får du ein samtale med sykepleiar og/eller lege. Etter at du har vore til undersøking og vurdering på sjukehuset og det er avtalt at aborten skal skje ved hjelp av medikament, er det er to ulike medikament som vert nytta:

    • Mifegyne som startar abortprosessen
    • Cytotec som hjelper kroppen å fullføre aborten.

    Første del av behandlinga skjer på gynekologisk poliklinikk. Du får tabletten Mifegyne som svelgast. Når den er tatt er det for seint å ombestemme seg. Du kan reise heim og skal kome tilbake til gynekologisk avdeling innen 36-48 timar for behandling.

    Du kan få blødning og menstruasjonsliknande smerter etter at du har tatt Mifegyne. Bruk bind og ikkje tampongar ved blødning. Du kan ta paracetamol 1 gram inntil fire gonger i døgnet. Hos nokre få skjer aborten utan at du har fått Cytotec.

    Ta kontakt med sjukehuset dersom:

    • du kastar opp før det er gått 2 timar etter inntak av Mifegyne
    • aborten skjer utan at vidare behandling er sett igang

  2. Under

    Mellom 36-48 timar etter at du har tatt Mifegybe, kjem du tilbake til sjukehuset. Du kan gjerne ha ein person med deg. Behandlinga kan ta tid, så ta gjerne med lesestoff eller lignande.

    • spis gjerne frukost før du kjem
    • du vil bli mottatt av sjukepleiar som gir deg informasjon om vidare behandlingsplan
    • du vil få 4 tablettar som du skal sette djupt i skjeden
    • vent 10-15 minutt med å reise deg opp - deretter bør du vere oppe for å hjelpe prosessen igang
    • du vil få smertestillande tablettar etter behov
    • det er vanleg å vere innlagt minst 6 timar
    • dersom det går lengre enn fire timar før du får blødning vil du få ein ny dose tablettar i skjeden (kvar 3. time til aborten er gjennomført)
    • du kan få kraftige menstruasjonssmerter og det er normalt å blø rikeleg
    • du kan ikkje køyre bil behandlingsdagen
    • etter heimkomst bør du ha ein person saman med deg første døgnet etter du kommer heim frå sjukehuset.

  3. Etter

    Menstruasjonsliknande bløding er vanleg den første veka. Mindre bløding eller brunleg utflod er normalt dei neste 2-3 vekene. Vi tilrår at du brukar bind og unngår tampongbruk i denne perioda. Unngå samleie og bading så lenge du framleis blør.

    Menstruasjonen kjem vanlegvis tilbake 4-6 veker etter aborten. Du kan starte med hormonell prevensjon rett etter aborten. Spiral kan settast inn etter 4 veker hos eigen lege. Elles kan du trene og vere i aktivitet som vanleg.

    Etterkontroll:

    4 veker etter aborten skal du ta ein graviditetstest.

    Ta kontakt med sjukehuset dersom du har:

    • positiv graviditetstest etter fire veker
    • smerter og kraftig blødning med klumpar i meir enn 14 dagar
    • bløding som varar meir enn 28 dager
    • feber (over 38 grader)
    • ikkje har fått menstruasjonen tilbake etter 6 veker

    Vi gjer merksam på at inntakt graviditet etter abort vil inntreffe hos 1-2 kvinner av 1000 som får behandling. Metodesvikten er den same om behandlinga skjer ved medikamentell eller kirurgisk abort. Det er derfor viktig at du tar graviditetstest 4 veker etter gjennomført abort.

Gå til Abort, medikamentell på sjukehus

Les meir om Abort, kirurgisk

Abort, kirurgisk

I nokre tilfelle blir det nødvendig med kirurgisk behandling for å fullføre aborten. Ein sjeldan gong kan kirurgisk abort vere førsteval ved svangerskapsavbrot.

Ved kirurgisk abort blir det gjort ei utskraping frå livmora. Inngrepet kan gjerast fram til og med svangerskapsveke 12, regna frå siste menstruasjons første dag.
  1. Før

    På sjukehuset får du ein samtale med sykepleiar og/eller lege. Det blir gjort ein gynkologisk undersøking med ultralyd for å fastslå svangerskapslengde. Dersom du skal ha ein kirurgisk abort, vil legen vurdere om du treng forbehandling i form av tablettar i skjeden for å mjuke opp livmorhalsen. Du vil få informasjon dersom slik forbehandling skal startast heime, eller på sjukehuset.

    Du vil få grundig informasjon og samtale før endeleg behandling vert bestemt. Før behandlinga må du lese gjennom og signere «Begjæring om svangerskapsavbrot».

    Dersom du skal starte forbehandling hjemme, skal du tidlig på morgenen sette tabletter dypt i skjeden etter at du har tømt urinblæren og dusjet. Det anbefales at du tar smertestillende. Du bør ha skyss til og fra sykehuset.

    Dersom du skal starte forbehandling heime, skal du tidleg på morgenen sette tablettar djupt i skjeden etter først å ha tømt urinblæra og dusja. Det vert anbefalt at du tek smertestillande, og du bør ha skyss til og frå sjukehuset.

    Faste

    Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

    De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker:: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.

    Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer førDersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.

  2. Under

    Kirurgisk abort vert gjort i narkose. Etter inngrepet får du smertestillande ved behov. Før du reiser heim må du spise, samt late vatnet som vanleg.

  3. Etter

    Du bør ha ein person saman med deg den første dagen heime.

    Menstruasjonsliknande bløding er vanleg den første veka. Mindre bløding eller brunleg utflod er normalt dei neste 2-3 vekene. Vi anbefalar at du brukar bind og unngår tampongbruk i denne perioda. Unngå samleie og bading så lenge du framleis blør.

    Menstruasjonen kjem vanlegvis tilbake 4-6 veker etter aborten. Den første menstruasjonen kan vere kraftigare og meir langvarig enn du er van med. Du kan starte med p-piller rett etter aborten. Prevensjonsimplantat (spiral eller p-stav) kan settast inn under inngrepet på operasjonsstua. Spiral kan også settast inn etter 4 veker hos eigen lege. Elles kan du trene og vere i aktivitet som vanleg.

    Etterkontroll:

    4 veker etter aborten skal du ta ein graviditetstest.

    Ta kontakt med sjukehuset dersom du har:

    • positiv graviditetstest etter 4 veker
    • smerter og kraftig blødning med klumpar i meir enn 14 dagar
    • bløding som varar meir enn 28 dager
    • feber (over 38 grader)
    • ikkje har fått menstruasjonen tilbake etter 6 veker

    Vi gjer merksam på at inntakt graviditet etter abort vil inntreffe hos 1-2 kvinner av 1000 som får behandling. Metodesvikten er den same om behandlinga skjer ved medikamentell eller kirurgisk abort, det er derfor viktig at du tar graviditetstest 4 veker etter gjennomført abort.

Gå til Abort, kirurgisk

 

Oppfølging

Ingen oppfølging utover etterkontroll. Du finn meir under den einskilde metode.

Ved behov for støttesamtale etter abort kan du kontakte Stiftelsen Amathea (www.amathea.no), tlf.: 90 65 90 60 .

Amathea er ei gratis helseteneste.

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Apotek

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

Bank

​Du finn banktenester i 1. etasje.

Sparebanken Sogn og Fjordane har terminal for kontantuttak og terminal for å nytte nettbank.

Blomar

​Du finn eige utsal av blomar. Det er Astri Blomster som sel blomar til pasientar og pårørande, og elles til besøkjande ved sjukehuset.

NB:
Det er ikkje høve til å ta med potteplantar, avskorne blomar og tørka blomar i postoperative overvakingseiningar, intensivavdelingar og fødestover.

Eigendel på sjukehus og poliklinikk

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

Kiosk

​Ved Nordfjord sjukehus og Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer.

Ved Førde sentralsjukehus kan du også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Mattilbod i Helse Førde

​Alle dei tre sjukehusa i Helse Førde har kantiner som tilsette, pasientar og pårørande kan nytte. 

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. I Førde finn du også ein pasientkafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid fram til klokka 19.00 frå måndag til fredag. I denne kafèen kan du no også kjøpe varm mat.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle dagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og beburar.

Mobiltelefon

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Parkering ved Førde sentralsjukehus

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Bommen ved pasientparkeringa opnar seg automatisk. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet:

Kart over parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus 

Pasienthotell

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

Prest og samtaleteneste

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Trådlaust nett - internett

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

Visittider Førde sentralsjukehus

For å avgrense smitte under pandemien kan det vere andre visittider og reglar som gjeld. Sjå Smittestatus virussjukdomar​ for meir informasjon.​​

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.

Fann du det du leita etter?