Abort, medikamentell på sjukehus

Kvinneklinikken

I Norge har kvinner lovfesta rett til sjølvbestemt abort innan utgangen av 12. svangerskapsveke. Seinare i svangerskapet må søknaden behandlast av abortnemnda ved sjukehuset.

Les meir om Abort - uønsket svangerskap
Informasjon frå helsenorge.no

Abort - uønsket svangerskap

I Norge har kvinner selv rett til å bestemme om de vil avbryte svangerskapet i løpet av de tolv første ukene. Svangerskapets varighet regnes fra første dag av siste menstruasjon.

Du kan selv fremsette begjæring om abort. Du trenger ikke henvisning fra fastlege, men kan ta direkte kontakt med et sykehus som har gynekologisk avdeling. Du trenger ikke å begrunne valget ditt, og det er ingen krav om betenkningstid.

Når du kontakter lege, helsestasjon eller sykehus vil de spørre om datoen for siste menstruasjons første dag.

Hvis du er under 16 år, skal foreldre eller verge få mulighet til å uttale seg, hvis det ikke er spesielle grunner som taler mot det.

Helsepersonellet du kontakter skal informere deg om hvordan aborten gjennomføres og om risiko for komplikasjoner. De skal også spørre deg om du ønsker informasjon og veiledning om den støtten du har krav på fra samfunnet dersom du velger å fullføre svangerskapet.

Hvis du ønsker ytterligere råd/veiledning/støtte utover den informasjonen du får hos helsepersonell (lege/sykepleier) i forbindelse med aborten, kan du kontakte fastlege, helsestasjon eller andre som tilbyr veiledning (se eget avsnitt lenger ned på siden).

Informasjon og veiledning skal gis på en objektiv måte og uten at legen eller annet helsepersonell gir uttrykk for sine personlige vurderinger. Hvis du opplever at dette ikke er tilfelle, kan du klage til Fylkesmannen i fylket.

Abort er gratis

Alle kvinner som oppholder seg i Norge har rett til å få utført abort. Abort er gratis for kvinner som er bosatt i Norge. Kvinner som ikke er bosatt i Norge, men som er medlem av folketrygden eller er omfattet av gjensidighetsavtale med et annet land, kan få dekket utgiftene av folketrygden. Andre må betale for aborten selv. Sykehuset kan imidlertid ikke kreve forhåndsbetaling.

Hvordan utføres aborten?

Etter at du selv har tatt kontakt med sykehuset eller fastlegen din har sendt begjæringen om abort til sykehuset, blir du innkalt til en forundersøkelse.

Under forundersøkelsen vil blodtrykket ditt bli målt, hjertet og lungene bli lyttet på, det tas en blodprøve og gjøres en underlivsundersøkelse. Du vil også få informasjon om hvordan aborten vil bli utført.

Du kan ombestemme deg helt til aborten settes i gang.

Hvor blir aborten utført?

Abort utføres på sykehus eller hjemme etter oppstart på sykehuset.

Les meir om Vurderer du abort? (helsenorge.no)

Innleiing

Medikamentell abort på sjukehuset kan bli utført fram til og med veke 12 i svangerskapet. På same måte som ved heimeabort vil du få eit medikament som startar abortprosessen.  Etter to dagar kjem du tilbake til sjukehuset for å gjennomføre aborten her.

Tilvising og vurdering

Fastlegen vil gjere gynekologisk undersøking for å vurdere svangerskapslengde før vidare tilvising til sjukehuset. Du vil bli bedt om å signere eigenerklæring "Begjæring om svangerskapsavbrot". 

Du kan også ta direkte kontakt med sjukehuset for undersøking. Også då må du signere "Begjæring om svangerskapsavbrot".

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

Du har vore til undersøking og vurdering på sjukehuset og det er avtalt at aborten skal skje ved hjelp av medikament. Det er to ulike medikament som vert nytta:

  • Mifegyne som startar abortprosessen
  • Cytotec som hjelper kroppen å fullføre aborten.

Første del av behandlinga skjer på gynekologisk poliklinikk. Du får tabletten Mifegyne som svelgast, og når den er tatt er det for seint å ombestemme seg. Du kan deretter reise heim og returnere til gynekologisk avdeling innen 36-48 timar for endeleg behandling.

Du kan i dei neste dagane få blødning og menstruasjonsliknande smerter. Bruk bind og ikkje tampongar ved blødning. Ved behov for smertestillande kan du ta paracetamol 1 gram inntil fire gonger i døgnet. Hos nokre få skjer aborten utan at vidare behandling er nødvendig. 

Ta kontakt med sjukehuset dersom:

  • du kastar opp før det er gått 2 timar etter inntak av Mifegyne
  • aborten skjer utan at vidare behandling er sett igang 

    Dersom du ammar er det tilrådd at du pumpar deg og kastar mjølka dei første 3 dagane etter inntak av Mifegyne. 

    Lev elles så normalt som mogeleg. 

     

     

2. Under

To dagar, eller mellom 36-48 timar etter at abortprosessen blei starta, kjem du tilbake til sjukehuset. Du kan gjerne ha ein vaksen person med deg. Behandlinga kan ta tid, så ta gjerne med lesestoff el.

  • Spis gjerne frukost før du kjem
  • Du vil bli mottatt av sjukepleiar som gir deg informasjon om vidare behandlingsplan
  • Du vil få 4 tablettar som du skal sette djupt i skjeden
  • Du må ligge i 1 time etter igangsett behandling, deretter bør du vere oppe
  • Du vil få smertestillande tablettar etter behov
  • Det er vanleg å vere innlagt mellom 4-6 timar
  • Dersom det tar lengre tid enn fire timar før du får blødning settes ein ny dose tablettar i skjeden kvar 3. time til aborten er gjennomført
  • Du kan få kraftige menstruasjonssmerter og det er normalt å blø rikeleg
  • Du kan ikkje sjølv køyre bil denne dagen
  • Etter heimkomst bør du ha ein vaksen person saman med deg første døgnet

3. Etter

Menstruasjonsliknande bløding er vanleg den første veka. Mindre bløding eller brunleg utflod er normalt dei neste 2-3 vekene. Vi tilrår at du brukar bind og unngår tampongbruk i denne perioda. Unngå samleie og karbad så lenge du framleis blør. Det er ikkje uvanleg å ha menstruasjonsliknande smerter. 

Menstruasjonen kjem vanlegvis tilbake 4-6 veker etter aborten. Den første menstruasjonen kan vere kraftigare og meir langvarig enn du er van med. Du kan starte med hormonell prevensjon rett etter aborten. Spiral kan settast inn etter 4 veker hos eigen lege. Elles kan du trene og vere i aktivitet som vanleg.

Etterkontroll:

Fire veker etter aborten skal du ta ein graviditetstest.

Ta kontakt med sjukehuset dersom du har:

  • Positiv graviditetstest etter fire veker
  • Smerter og kraftig blødning med klumpar i meir enn 14 dagar
  • Bløding som varar meir enn 28 dager
  • Feber (over 38 grader)
  • Ikkje har fått menstruasjonen tilbake etter 4-6 veker

 Vi gjer merksam på at inntakt graviditet etter abort vil inntreffe hos 1-2 kvinner av 1000 som får behandling. Metodesvikten er den same om behandlinga skjer ved medikamentell eller kirurgisk abort.   

Kontakt

Kvinneklinikken
Telefon
57839233
E-post
Postadresse
Helse Førde, Kvinneklinikken, postboks 1000, 6807 Førde.
Førde sentralsjukehus
Besøksadresse
Svanehaugvegen 2(Google maps)
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Telefon
57839000
Telefontider og resepsjonen er bemanna heile døgnet.
E-post

Praktisk informasjon

Apotek

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

Bank

​Du finn banktenester i 1. etasje.

Sparebanken Sogn og Fjordane har terminal for kontantuttak og terminal for å nytte nettbank.

Blomar

​Du finn eige utsal av blomar. Det er Astri Blomster som sel blomar til pasientar og pårørande, og elles til besøkjande ved sjukehuset.

NB:
Det er ikkje høve til å ta med potteplantar, avskorne blomar og tørka blomar i postoperative overvakingseiningar, intensivavdelingar og fødestover.

Eigendel på sjukehus og poliklinikk

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

Kiosk

​Ved Nordfjord sjukehus og Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer.

Ved Førde sentralsjukehus kan du også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Mattilbod i Helse Førde

​Alle dei tre sjukehusa i Helse Førde har kantiner som tilsette, pasientar og pårørande kan nytte. 

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. I Førde finn du også ein pasientkafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid fram til klokka 19.00 frå måndag til fredag. I denne kafèen kan du no også kjøpe varm mat.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle dagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og beburar.

Mobiltelefon

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Parkering FSS

​Det er sett av 99 parkeringsplassar som er eksklusive for pasientar og pårørande (sjå raudt område på kartet). All parkering ved alle Helse Førde sine institusjonar er gratis, men det blir gitt parkeringsbot ved feilparkering. Ein må følge skiltinga rundt Førde sentralsjukehus.

trafikkplan_fss_900_ny2.jpg

På to parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus er det automat for parkeringsbillett. Eller pasientar kan nytte parkeringsbeviset som er tilsendt ved innkalling.

Pårørande kan nytte automaten til å ta kontakt med resepsjonen inne på sjukehuset. Pårørande må då gi beskjed om kven de skal besøke på sjukehuset for så å få ein billett frå automaten.

Blodgjevarar har eigne parkeringsplassar og må nytte eige parkeringsbevis som blodgjevarar får.

Pasienthotell

​I 7. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthote.

Pasienthotellet har 21 senger. Dei er fordelt på sju enkle rom og sju doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

Trådlaust nett - internett

​​Alle somatiske sengepostar i Helse Førde har trådlaust gjestenettverk. Dette er gratis for pasientar, pårørande og besøkande.

​Du kan ta med bærbar PC, mobiltelefon og nettbrett og nytte vårt gjestenett uten kostnad.

Passord på SMS

Du som ønskjer å nytte internett blir beden om å legge inn mobilnummeret ditt. Du treng ikkje gje opp andre opplysningar enn det. Brukarnamn og passord får du tilsendt som ei tekstmelding.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar før du treng å be om nytt passord på innloggingssida.

Årsaka til innlogging er krav til tryggleik i sjukehusnettverket og er same type løysing som du finn på flyplassar og hotell.

Ta kontakt med resepsjonen eller avdelinga for meir informasjon.

Visittider Førde sentralsjukehus

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller annan nær omsorgsperson samt søsken til barnet kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.