Sjukdom kan føre til økonomiske, praktiske og personlege utfordringar ikkje berre for den som bir råka, men også for familien, nærpersonar og nettverket ditt. Om du ønsker, så kan vi stå til disposisjon på tre hovudområder:
Bistand med praktiske oppgåver
Vere ein samtalepartnar når det røyner på
- ein å snakke med når du kjenner på kjenslemessige reaksjonar, og personlege forhold blir opplevd som ei belastning som gjer det vanskelig å meistre livet
- vere ei mellommenneskeleg støtte ved psykiske og kjenslemessige reaksjonar, til dømes ved alvorlig sjukdom og død
Informere gjennom undervisning
- bistå med rettleiing knytt til ulike tema, som for eksempel arbeids-/trygderettar og forskjellige støtteordningar
- førelese i kurs og gruppetilbod knytt til mestring av kronisk sjukdom, smerteproblematikk og moglege konsekvensar av sjukdom og behandling.
Sosionomen har teieplikt.
Personalet på avdelingane og i poliklinikkane, kan formidle kontakt med oss.