Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ungdomspost Psykisk helsevern

Vi har institusjonsplassar til ungdom som treng psykiatrisk hjelp.

Skjema for tilvising til psykisk helsevern for barn og unge

Ungdomsavdelinga har ansvar for å ta imot born og unge mellom 12 og 18 frå alle kommunane i Sogn og Fjordane, som treng øyeblikkeleg hjelp og/eller akutt eller planlagt behandling.

Tilbodet består av ulike typer tverrfagleg utgreiing, ofte i tett samarbeid med familie og med kommunale hjelpeinstansar, skule med meir.

Dei vanlegaste tilstandane vi behandlar er: angst, depresjon, uro og konsentrasjonsvanskar, reaksjonar knytt til akutt krise/traume, eteforstyrringar og anna.

Avdelinga har totalt 6 senger.

Planlagte tilvisingar skal gå via ein av våre poliklinikkar. Akutte tilvisingar kan også kome frå fastlege eller legevakt. Planlagte tilvisingar kan vere eit behandlingsopphald eller eit utgreiingsopphald. Lengda på desse opphalda kan variere frå 3-6 veker, men dette blir avklart med pasienten og dei pårørande.

Skulen ved UPH:

Skulen held til i same bygninga og er administrativt underlagt Øyrane vidaregåande skule. UPH-skulen tilbyr:

  • Oppfølging av den einskilde eleven si undervising i samband med heimeskulen.
  • Pedagogisk kartlegging, ved behov.
  • Kvar elev vert følgt opp av primærlærar.
  • Dei elevane som kan det føl vanleg opplæringsplan.

Kontakt

Telefon

Døgnope.

Postadresse

Helse Førde, UPH, postboks 1000, 6807 Førde.

Kontakt oss via eDialog

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Støabygget, Svanehaugvegen 7, 6812 Førde. Ved Førde sentralsjukehus i trekanta lågbygg.