Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Sogndal BUP

Vi tilbyr born og ungdom under 18 år og deira familiar polikliniske spesialisthelsetenester innan psykisk helsevern. Sogndal BUP dekker kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.

Vi gir tilbod til born, ungdom og familiane deira i kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.

Tilbodet inneheld ulike typar tverrfagleg utgreiing og poliklinisk behandling, ofte i tett samarbeid med familie og med kommunale hjelpeinstansar, skule og barnehage.

Dei vanlegaste tilstandane som vi behandlar er: angst, depresjon, uro og konsentrasjonsvanskar, reaksjonar knytt til akutt krise/traume, eteforstyrringar og anna.

 

Kontakt

Telefon

Måndag til fredag 08.00 - 15.00.

Postadresse

Helse Førde, Sogndal BUP, postboks 1000, 6807 Førde

Kontakt oss via VestDialog

Slik finn du fram

Indre Sogn psykiatrisenter Rutlin ein fin haustdag

Indre Sogn psykiatrisenter

Dalavegen 29

6856 Sogndal

Buss

Sogndal Skysstasjon ligg i Sogndal sentrum og er om lag ein kilometer frå Indre Sogn psykiatrisenter.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Sogndal er det også gode bussamband til Bergen og Oslo.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på området for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Sogndal er ved Skysstasjonen. Ved behov kan våre tilsette i resepsjonen bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Visittider sengepostane: Etter avtale.