Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Førde BUP

Vi yter polikliniske tenester innan psykisk helsevern til barn og unge under 18 år i Sunnfjord og Ytre Sogn.

Vi gir tilbod til born, ungdom og familiane deira i kommunane Askvoll, Balestrand, Bremanger, Fjaler, Flora, Førde, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Jølster, Naustdal og Solund.

Tilbodet består av ulike typar tverrfagleg utgreiing- og poliklinisk behandling, ofte i tett samarbeid med familie og med kommunale hjelpeinstansar, skule og barnehage med meir.

Dei vanlegaste tilstandane som vi behandlar er: Angst, depresjon, uro og konsentrasjonsvanskar, reaksjonar knytt til akutt krise/traume, eteforstyrringar og anna.

 

Skjema for tilvising til psykisk helsevern for barn og unge

 

 

 

Kontakt

Telefon

Måndag til fredag 08.00 - 15.30.

Postadresse

Helse Førde, Førde BUP, postboks 1000, 6807 Førde.

Kontakt oss via eDialog

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Hovudinngangen ligg i Svanehaugvegen 6, på sørsida av Dagabygget.


Under bygginga av det nye sjukehuset er det ikkje ordinære parkeringsplassar i nærleiken av hovudinngangen.

Rådet er å parkere på pasientparkeringa og gå langs Svanehaugvegen til hovudinngangen.

En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde