Psykiatrisk klinikk - Vaksenhabilitering

Vi er ei ambulant spesialistteneste i Sogn og Fjordane. Vi yter tenester til menneske over 18 år med funksjonshemming som følgje av medfødt/erverva skade eller sjukdom, som medfører kognitive og åtferdsmessige funksjonsproblem. Menneske med utviklingshemming og autismespekterforstyrring som har i tillegg åtferdsproblem eller psykiske lidingar, er vår prioriterte målgruppe.

Les meir om Psykiatrisk klinikk - Vaksenhabilitering

Psykiatrisk klinikk - Vaksenhabilitering

Arbeidsforma vår er førebygging, støtte, behandling i pasienten sitt heimemiljø, tiltak i akutte kriser og rettleiing. Tenestene blir ytt til den einskilde, deira nettverk og tiltaksapparatet i kommunane og helsetenesta, både lokalt og poliklinisk. Lengd av behandlingsperiode er avgrensa og avheng av kompleksitet og individuelle tilhøve.

Oppgåvene tek utgangspunkt i prioriteringsrettleiaren «Habilitering av voksne i spesialisthelsetjenesten»:

  • kartlegging, observasjon og utgreiing
  • rettleiing og coaching
  • medikamentell rettleiing
  • miljøterapi
  • åtferdsanalyse
  • sosial ferdigheitstrening
  • familie- og nettverksarbeid
  • psykoedukasjon og mestringsarbeid
  • bistand i forhold til KHOL kap. 9 (bruk av makt og tvang i forhold til menneske med utviklingshemming)

Les meir:

Informasjon om Vaksenhabiliteringa i Helse Førde.pdf

Tilvising

Tilvising skal kome frå fastlege, eller andre avdelingar i helseføretaket. Det er mogleg å ta direkte kontakt med Vaksenhabiliteringa for informasjon, rettleiing og råd.

Kurs

Vaksenhabiliteringa tilbyr spesialiserte kurs i hele fylket. Kurskatalog blir sendt ut kvart år.

Kontakt

Oppmøtestad
Vi held til i 2. etasje på Psykiatrisk klinikk ved Førde sentralsjukehus.
Telefon
57 83 97 10
E-post
Postadresse
Helse Førde, Vaksenhabiliteringa, postboks 1000, 6807 Førde.

Praktisk informasjon

Visittider Psykiatrisk klinikk (Førde)

​Har ikkje faste besøkstider. Pårørande og andre er velkomne på besøk. Ta kontakt med sengeposten på førehand, slik at ikkje besøket kollderer med andre aktivitetar.


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.