Lokal tryggleik har einerom med eige toalett og dusj. Sengeposten har låste ytterdører for å gje trygge rammer for deg og dei andre pasientane. Det inneber at du må kontakte personale for avtale om utgang.
Innlegging
Henvisningar angåande innlegging/overføring kjem oftast frå andre sengepostar i spesialisthelsetjenesta.
Målgruppe
Lokal tryggleik er ein psykiatrisk spesialpost for personar med alvorleg sinnsliding og betydeleg risiko for valdeleg atferd overfor andre, eventuelt med kompliserande tilleggsproblem som alvorleg personlegdomsforstyrring og rusmisbruk.
Behandling
Behandlinga på lokal tryggleik innfattar utredning, individuell behandling og rehabilitering/re-etablering i samfunnet.
Som pasient får du tildelt fast terapeut. Dette er lege eller psykolog. På kvar vakt vil du få tildelt eigen miljøkontakt. Dette kan vere sjukepleiar, hjelpepleiar, miljøterapeut eller assistent. Behandlingstilbodet vil vere individuelt tilpassa og kan bestå av samtale med terapeut (psykoterapi), legeundersøking inkludert blodprøvar og urinprøvar, sosionomtenester, medikamentell behandling, samt anna individ tilpassa behandling. Miljøterapeutiske tiltak består mellom anna av aktivitetar og støttesamtalar med miljøkontakt. Som ein del av behandlinga vert det lagt vekt på individuelt tilpassa formingsaktivitet, fysisk aktivitet og trening.
Lengde på innlegging vil være tilpassa deg og din situasjon/behov.
Vi ønskjer å ha god kontakt med pårørande og samarbeidande instansar.
Lokal tryggleik har ein barneansvarleg som har fokus på barn som pårørande.