DPS døgn psykose har einerom med eige toalett og dusj. Sengeposten er ein åpen post som tek imot pasientar frå sunnfjord og ytre sogn.
Innlegging
For å bli søkt inn til DPS døgn psykose må du kontakte fastlegen. Du kan og bli tilvist frå psykiatrisk poliklinikk eller andre avdelingar i Helse Førde.
Målgruppe
Personar ovar 18 år med eller mistanke om psykoseliding. Vi tek imot pasientar til både frivillig og tvunge psykisk helsevern.
Behandling
Behandlinga på DPS døgn psykose innbefatter utredning, individuell behandling og rehabilitering/re-etablering.
Som pasient får du tildelt fast terapeut. Dette er lege eller psykolog. På kvar vakt vil du få tildelt eigen miljøkontakt. Dette kan vere sjukepleiar, hjelpepleiar, miljøterapeut eller assistent. Behandlingstilbodet vil vere individuelt tilpassa og kan bestå av samtale med terapeut (psykoterapi), legeundersøking inkludert blodprøvar og urinprøvar, sosionomtenester, medikamentell behandling, samt anna individ tilpassa behandling. Miljøterapeutiske tiltak består mellom anna av aktivitetar og støttesamtalar med miljøkontakt. Som ein del av behandlinga vert det lagt vekt på individuelt tilpassa formingsaktivitet, fysisk aktivitet og trening.
Lengde på innlegging vil være tilpassa deg og din situasjon/behov.
Vi ønskjer å ha god kontakt med pårørande og samarbeidande instansar.
DPS døgn psykose har barneansvarleg som har fokus på barn som pårørande.