Vi har sengepostar i Førde, alle einerom med og eige bad.
For å bli søkt inn til DPS døgn må du kontakte fastlegen. Du kan og bli tilvist frå psykiatrisk poliklinikk eller andre avdelingar i Helse Førde.
DPS døgn er ein del av det distriktspsykiatriske senteret for kommunane i Sunnfjord og ytre Sogn.
Målet vårt er å hjelpe deg til betre å meistre eigen livssituasjon. Personalet er tverrfagleg samansett og består av psykiater, lege, psykolog, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, assistentar, sosionom, aktivitør, helsesportspedagog og fysioterapeut.
Behandling
Behandlinga følgjer nasjonale faglege retningslinjer. Behandlingstilboda kan bestå av individuelle samtalar, medikament, ECT, trening og aktivitetar. Det vil bli gjort ei allmennpsykiatrisk utgreiing, vurdering og diagnostisering.
Brukarmedverknad er sentralt. Det betyr at du er med å utarbeide og tilpasse din eigen plan for behandlinga. Vi legg vekt på struktur og døgnrytme, og brukar timeplan som hjelpemiddel. Ved behov får du tilbod om din eigen plan for kva som skal skje etter opphaldet her.
Som ein del av behandlinga vert det lagt vekt på individuelt tilpassa fysisk aktivitet og trening. Du har tilgang til treningsutstyr og basseng, og det er fokus på allsidig rørsleglede. Ta med treningstøy, badetøy, turklede og gode sko. Du har og tilbod om å vere med på ulike formingsaktivitetar både individuelt og i gruppe.
Pårørande er ein viktig ressurs og vi ynskjer eit godt samarbeid med dei. Vi har ein barneansvarleg som har fokus på barn som pårørande.
Vi samarbeider med ulike hjelpeinstansar i kommunen, som fastlege, NAV, psykiatritenesta med fleire. Dette fordi du skal få best mogleg oppfølging etter utskriving om du skulle trenge det.
Vi ønskjer velkomen til behandlingsopphald ved DPS døgn!