Bygda strekkjer seg frå Klævold i vest til Berge i aust og har om lag 950 innbyggjarar. Vi har ein del typiske vestlandsgardar og litt anna næringsverksemd, men dei fleste finn sitt arbeid innan industrien i Høyanger, i kommunen og på psykiatrisk klinikk sitt tilbod i Tronvik.
Bygda har ein vakker natur, der den ligg solvendt ved Sognefjorden, omkransa av fjell og skogkledde lier med rike mogelegheiter for jakt, fiske og anna friluftsliv.
I bygda finn du:
- Kyrkje med eige kyrkjelydshus
- Matbutikk med liten kafeteria
- Barneskule og barnehage
- Samfunnshus
- Idrettsbane
Bygda har og eit rikt kulturliv med:
- Ungdomslag med kor, teater- og dansegruppe
- Idrettslag med fleire undergrupper
- Hundeklubb
- Sanitetslag
- Bridge-klubb
- Ungdomsklubb
- Bibliotek
- Småbåtlag med eiga hamn/molo
- Vi har eigen båtplass og båt i moloen.
15 minutt aust for Tronvik/Kyrkjebø ligg tettstaden Høyanger, der det er rikeleg med tilbod innan kultur og fritluftslivLenkje til Høyanger kommune si nettside