DPS akutt døgn - Førde

Akutt døgn er ein av fleire seksjonar i Psykiatrisk klinikk og har 14 sengeplassar. Vi tilbyr akutt behandling til pasientar frå heile fylket, heile døgnet. Vi tek imot pasientar til både frivilleg behandling og behandling under tvang. Sengeposten er lukka. Det inneber at dørene er låste og at alle pasientar, pårørande og andre besøkande må kontakte personalet for å gå ut eller komme inn.

akutt_dogn.jpg
AKUTT: DPS akutt døgn held til i psykiatribygget ved Førde sentralsjukehus.

Vi tilbyr behandling til personar med ulike utfordringar som til dømes psykose, depresjon, angstliding, bipolar liding, eteforstyrring, rusproblem og akutte livskriser.

Organisering av opphaldet

Alle pasientar får ein ansvarleg behandlar. Det er ein psykiater, psykologspesialist, lege eller psykolog. I personalgruppa er det sjukepleiarar og hjelpepleiarar med spesialutdanning, og assistentar. Du kan og få tilbod om samtale med sosionom. I tillegg har vi aktivitør og helsesportspedagog knytt til sengeposten, samt studentar som tek del i behandlinga.

Døgnet i sengeposten er inndelt i tre ulike vakter (dag, sein og natt). På dagvakt og seinvakt får du eit personale som har særskilt ansvar for deg.

Behandlingstilbod/målsetting

Målet med behandlinga er å lindre sjukdom, og betre helsa og livskvaliteten. Du skal bli betre i stand til å meistre dagleglivet og ta ansvar for livet ditt.

Behandlingstilbodet er mangfaldig og vil bli tilpassa dine behov. I behandlinga vil du sjølv spele ei sentral rolle og din eigen innsats er medverkande til betre helse.

Døme på behandlingstilbod er individuelle samtalar, medisin, aktivitets- og treningsterapi samt ECT (elektrokonvulsiv behandling). Det vert lagt vekt på støtte, orden og omsorg.

For din tryggleik

For å ivareta tryggleiken til pasientar, medpasientar, pårørande og tilsette, er det ikkje høve å ta med seg gjenstandar eller medikament som kan brukast til å skade deg sjølv eller andre. Vi ønskjer å gå gjennom bagasjen din ved innlegging for å sikre oss at det ikkje er gjenstandar i sengeposten som kan føre til skade.

Informasjon til næraste pårørande

Vi ønskjer eit godt samarbeid med dine pårørande, fordi det kan bidra positivt i behandlinga. Det er du som avgjer korleis samarbeidet skal vere og kva informasjon vi kan gje vidare.

Vi kan gje pårørande informasjon som allereie er kjent frå før, samt generell informasjon om behandlingstilbodet, sjølv om du ikkje samtykker. Ved innlegging på tvang gjeld særskilte reglar.

Besøk

Det er høve til å ta imot besøk i sengeposten. Vi ønskjer at dette vert avtala med personalet på førehand. Når du får besøk av born under 12 år skal besøket skje på besøksrommet. Det er eigen inngang til dette rommet frå utsida.

Barn som pårørande

Vi har eit særleg fokus på barn som pårørande. Personalet vil ta kontakt med deg og avklare kva borna dine har behov for av tiltak og samtalar.

Klage

Er du innlagt ved Akutt døgn mot din vilje har du høve til å klage. Du kan og klage på behandlinga du får. Personalet kan hjelpe deg med dette. Klagen vert behandla i Kontrollkommisjonen for Psykiatrisk klinikk, som har møte kvar 14. dag. Du kan bruke eigen advokat eller ein som vert oppnemnt til å hjelpe deg med klagen. Advokathjelp er gratis.

Reglar og rutiner

Vi har rutinar for å ivareta pasientar og tilsette, og for at sengeposten skal fungere best mogeleg.

Du får einerom med eige bad og har høve til å vaske klede på vaskerom.

Vi ønskjer at mobiltelefon og PC skal nyttast på eige rom. Fotografering/videoopptak er ikkje tillete. Det er høve til å røyke ute mellom kl. 07.30 og 22.30. Det er røykfritt inne i sengeposten. Det er ikkje høve til å nytte rusmiddel. Du kan trenge å ha personale med deg om du vil ut av sengeposten. Dette må avtalast på førehand og turar ut må tilpassast drifta. Tilstanden din kan gjere til at du treng tett oppfølging og i periodar ha personalet hos deg heile tida.

Måltida vert servert i kantina på Psykiatrisk klinikk for dei som kan nytte seg av det. Kveldsmaten vert servert på matstova i sengeposten. Oppslag om tidspunkt for måltid finn du på informasjonstavla ved utgangen. Vi veit at god søvn er viktig for helsa vår. Det er derfor ei stille tid i sengeposten mellom kl. 23.00 og 07.00. Ta gjerne kontakt med personalet dersom du har spørsmål.

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​