Utgreiing før tilvising av pasient med problemstilling ADD/ADHD

For å få ei mest mogleg smidig utgreiing, er det viktig at følgjande er avklart av primærlegen, før tilvising til poliklinisk behandling ved DPS dag:

  • Klinisk somatisk undersøking, inkl. blodtrykk og orienterande nevrologisk undersøking.
  • EKG
  • Blodprøvar:
    • Hb
    • leukocyttar med maskinell diff.
    • kreatinin
    • ASAT
    • ALAT
    • GT
    • ALP
    • LD
    • FT4
    • TSH

Diagnosen er avhenging av at symptom debuterte før 7 års alder. Dessverre er det av og til vanskeleg å få gode komparentopplysningar om dette frå foreldra. I så fall kan primærlegen ha god kunnskap om ressurspersonar som kjenner pasienten frå tidlege barneår – til dømes barnehagepersonell, lærarar i barneskulen osv. Hvis primærlegen kan skaffe slike, er det svært verdfullt.

Utprøving av sentralstimulerande midlar krev tre månedar utan rus.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.