Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Regelmessig oppfølging av pasient som står på litium

Dosering av litium er blitt vanskelegare av fleire grunnar:

  • NSAIDs kan no kjøpast reseptfritt, også i daglegvarebutikkar. Det er viktig å informere om at desse vil konkurrere med litium ved renal utskiljing, og dermed auke litiumnivået. Dette kjem i tillegg til diuretica og ACE-hemmarar, der både legar og farmasøytar er flinke til å sjekke interaksjonar.
  • Sydenreiser er vanlege og utset nordmenn for uvant høge temperaturar, noko som kan medføre dehydrering og dermed auke litiumnivået.

Litiumnivået bør vanlegvis ligge mellom 0,3 og 0,8 mmol/l , målt 12 timar etter siste tablettinntak. Nivået må oftast vere høgare for å førebyggje mani enn depresjon. Ved bipolar liding er det vanleg at dei maniske/hypomane episodane blir sjeldnare med åra, slik at symptombiletet hjå pasientar > 50-60 år oftare dominerast av tilbakevendande depresjonar. Dermed kan ein ofte tillate ein viss reduksjon i serumnivå hjå pasientar i denne aldersgruppa.

Når litiumdosen først er ferdig innstilt, er det viktig at følgjande prøvar takast regelmessig, ei oppgåve som naturleg fell på fastlegen:

Kvar 3. månad:
se-litium

Kvar 6. månad:
se-litium, kreatinin, FT4 og TSH

Kvart år:
se-litium, kreatinin, FT4 , TSH, ionisert Ca. Urin: glucose, protein og nitrit. I tillegg bør ein måle blodtrykk og vekt årleg.


Sist oppdatert 07.03.2017