Psykiatrisk klinikk DPS Dag - tilvising

Vi har dagleg inntaksmøte for vurdering av nye tilvisingar.

Alle tilviste pasientar skal rettighetsvurderast i henhold til prioriteringsforskrifta og prioriteringsveileder – psykisk helsevern for voksne. Vurderinga av rett til nødvendig helsehjelp, og fastsetting av frist for oppstart av utgreiing/behandling, vurderast ut ifrå dei opplysningane som kjem fram i tilvisinga.

Følgjande opplysningar bør kome fram i tilvisinga:

  • Kva behandling er ønska
  • Aktuelle symptom
  • Aktuell funksjonsskildring
  • Aktuelle kartleggingar/testar (til dømes MADRS, BDI, BAI, HAD)
  • Kva behandling/oppfølging er gitt fram til no, og effekt så langt?
  • Tidlegare psykiske helseplager
  • Kjende psykiske helseplager i nær familie
  • Somatisk status
  • Medisinar (dato for siste endringar og serumspeil)
  • Eventuell rusmiddel-/legemiddelavhengigheit
  • Cave
  • Omsorg for barn
  • Nettverk
  • Pasienten sin motivasjon for behandling
  • Fastlege bør vurdere korvidt pasienten er skikka for å ha førarkort der det er aktuelt

Relaterte vedlegg

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​