Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Oppgåvefordeling mellom primær- og spesialisthelsetenesta - depresjon

God samhandling og samordning, med kontinuitet og samanheng i behandlinga, er viktig. Dette føreset at fordelinga av ansvar og oppgåver er tydeleg og kjend.

Oversikta nedanfor er hjelpemiddel til raskt å vurdere kor alvorleg pasienten sin sjukdom er, og om han kan motta behandling i primærhelsetenesta, eller om det er naudsynt med tilvising til psykisk helsevern.

Vurder​ing av kor alvorleg depresjonen er og kvar pasienten bør motta behandling

N​​økkelsymptom:

  • vedvarende tristhet eller nedstemthet, og/eller
  • tap av evna til å føle interesse for noko eller glede seg
  • trøttheit og redusert energi

Dersom minst eitt av desse symptoma er til stades dei fleste dagar, mesteparten av tida, i minst to veker, spør om relaterte symptom.


Relaterte s​ymptom

  • Søvnforstyrringar
  • Konsentrasjonsvanskar
  • Mangel på initiativ og det å kunne ta avgjerder
  • Låg sjølvkjensle, skuldkjensle, pessimiske, klandrar seg sjølv
  • generell uro og spenning
  • sjølvmordstankar eller sjølvmordshandlingar

Fakto​rar som tilseier rådgjeving og oppfølging i primærhelsetenesta:

  • få av symptoma ovanfor
  • ingen depresjon i pasienten sin eller familien sin anamnese
  • tilgjengeleg sosial støtte
  • periodisk tilbakevendande symptom, eller symptom som har vart mindre enn to veker
  • ingen sjølvmordsrisiko
  • lite funksjonstap

Fak​torar som tilseier aktiv behandling i primærhelsetenesta:

  • fem symptom eller fleire
  • depresjon i pasienten sin eller familien sin anamnese
  • lite sosial støtte
  • sjølvmordstankar
  • funksjonstap

Faktorar ​som tilseier tilvising til spesialisthelsetenesta:

  • dårleg eller ufullstendig utbyte av behandlinga
  • tilbakefallsepisode innan eitt år
  • sjølvmordsrisiko
  • pasienten uttrykkjer ønskje om tilvising
  • nedsatt evne til eigenomsorg

Faktora​​r som tilseier hastetilvising til akutt psykisk helsevern:

  • sjølvmordsplanar
  • psykotiske symptom
  • sterk uro samtidig med ei rekkje alvorlege symptom
  • alvorleg nedsatt evne til eigenomsorg

Opplysningane ovanfor er henta frå Nasjonale retningslinjer for diagnostisering og behandling av voksne med depresjon i primær- og spesialisthelsetjenesten.


Sist oppdatert 28.12.2022