OCD-teamet

OCD-teamet i Helse Førde består av fem personar; psykologspesialist, psykolog, sosionom, psykiatrisk sjukepleiar og spesialist i kognitiv terapi. Teamet er føretaksdekkjande med plassering i Førde.

Tvangsliding
OCD står for «obsessive compulsive disorder», som òg blir kalla tvangsliding. OCD er ei liding med tilbakevendande uønska tvangstankar og/eller tvangshandlingar.

Tilvising

Pasientene vert tilvist lokalt DPS og får ein primærbehandlar. Dersom behandlaren vurderer at pasienten har OCD som hovuddiagnose, kan pasienten tilvisast vidare til OCD-teamet. Vi gjer då ei første vurdering, pre-screening. Dersom vi vurderer at pasienten har ein behandlingsbar OCD, og pasienten takkar ja til behandling, vert pasienten sett på venteliste. Per i dag er ventetida ca. 3-9 månader. I ventetida ligg behandlingsansvaret på primærbehandlar ved lokalt DPS. Etter fullført behandling går behandlingsansvaret tilbake til primærbehandlar på DPS.

Behandling

Behandling føregår i første hand i gruppeformat over fire intensive dagar. OCD-teamet i Helse Førde er sertifiserte 4-dagers behandlarar av Helse Bergen. Behandlinga består av eksponering med responsprevensjon, og pasienten vil få eit skreddarsydd behandlingsopplegg saman med ein terapeut.

Nokre pasientar vil få tilbod om 17-sesjoners behandling som går over 2,5 månadar to gongar pr. veke. I tillegg er det her lagt opp til to telefonsamtalar i veka. Ved behov tilrår vi ca. 45 prosent sjukmelding ved denne type  behandling; to dagar + to timar, noko som vurderast saman med fastlege. Ved behandling i 4-dagers format tilrår vi sjukmelding den veka behandlinga foregår.

Du kan lese meir om OCD-behandling på nettsidene til Helse Bergen.

Helse Førde har òg sertifiserte 4-dagers behandlarar for panikkliding (med/utan agorafobi).

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.