Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

ISP Dag

Vi har alle ei psykisk helse og dei aller fleste av oss vil oppleve psykiske vanskar i løpet av livet. Iblant kan desse bli så store at det vert vanskeleg å handtere kvardagen og ein får behov for profesjonell hjelp frå spesialisthelsetenesta. Det er fastlegen din eller avdelingar i spesialisthelsetenesta som i samråd med deg sender tilvising til oss.

Etter mottatt tilvising, vil du innan 10 dagar få eit brev frå oss. Dersom du får innvilga rett til helsehjelp, vil du motta eit brev med tilbod om første time, dato, klokkeslett og namn på behandlaren du skal møte. Får du avslag på rett til helsehjelp, vil vi gi råd om alternative tilbod som iblant kan vere betre eller like godt eigna som våre tilbod. 

Første time er ein vurderingssamtale der du og behandlar kartlegg behova dine og diskuterer om vi har tilbod som kan hjelpe deg vidare. Kva type behandling som kan høve for deg vil du og din terapeut blir samde om basert på kva som kjem fram i kartlegginga. Vi har eit tverrfagleg samarbeid både internt og med eksterne instansar for å gje eit best mogeleg tilbod.

På poliklinikken er vi eit tverrfagleg samansett fagmiljø. Vi har både spesialistar og terapeutar med kompetanse på ulike behandlingsmetodar. Mange har spesialisert seg ytterlegare på ulike typer psykiske lidingar (traume, ruslidingar, eteforstyrringar, kognitiv terapi, alderspsykiatri med meir).

Pasientar med psykiske lidingar er oftare enn andre utanfor arbeidslivet i lengre tid eller har aldri vore i arbeid eller tatt utdanning. Vi har difor tilbod om individuell jobbstøtte (IPS) der pasientar hjå oss kan få hjelp til å kome tilbake i arbeidsliv eller utdanning.

Om jobbspesialistane (PDF)

Kontakt

Telefon

kl. 08.00-15.30

Kontakt oss via VestDialog

Slik finn du fram

Adresse

Dalavegen 29

6856 Sogndal

Kart (maps.google.com)