Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
ein person ligg på ein fjellknaus og ser utover fjorden og fjella rundt

Fritidstilbod Luster kommune

Eit utval forskjellige fritidstilbod i Luster kommune for deg som er 18 år eller eldre. Du treng ikkje bu i kommunen for å nytte dei fleste av desse tilboda.

​Spor​t/ Aktivitet

Arbeid og aktivitet har som mål å bidra til meiningsfulle aktivitetar og auka deltaking blant ulike grupper i Luster. Her kan du finne aktuelle oppdrag i kommunen vår utifrå dine eigne ønskjer og behov. Målet vårt er å bidra til auka aktivitet og deltaking og at Luster skal vera ein god stad å bu for alle!

​Nettside

Friidrett, hopp, alpin, skøyte, håndball, langrenn, trim, fotball og barneidrett.

Nettside

Facebook


Hafslo skyttarlag held til på Hillestadstølen på veg mot Mollandsmarki. Moderne skytebaneanlegg med innadørs miniatyrbane, 100m bane, 200m bane og terreng for feltskyting. All skyting foregår mot moderne elektroniske skiver. Me har faste trenings-kveldar, arrangerer stemner, jegertrening og ungdomsarbeid med opplæring og sosiale aktivitetar. Miniatyrskyting, baneskyting, feltskyting, jegertrening, opplæring.

Nettside

Idrettslaget Bjørn femner om alle grendene frå Høyheimsvik til Mollandsmarki via Gaupne og til øvst i Jostedalen, samt medlemmer frå andre deler av kommunen og nabokommunen. Laget har aktivitetar innan fotball, handball, ski, symjing, trim, barneidrett og volleyball. Idrettslaget har nett realisert eit eige friidrett- og fotballanlegg med kunstgras, undervarme og flomlys der me gledar oss til stor aktivitet framover. Vi er også i ferd med å realisera eit motorsportanlegg og er i gang med å bygga opp ei motorsportgruppe.

Fotball, Handball, Ski, Symjing, Motorsport, Trim, Barneidrett, Volleyball

Nettside

IL Fanaråk er eit amatøridrettslag for Fortun, Skjolden og sørsida. Me har fleire undergrupper som fotball, volleyball, ski, trim/friidrett, barneidrett, klatring, Friskis, innebandy. I tillegg arrangerar me årleg bl.a. Fanaråken Opp, Sognefjellsmarsjen, nissemarsj mm.

Nettside

Interesseorganisasjon for personar og pårørande med hjarte/kar sjukdom, astma og allergi og hjerneslag. Arrangerer trening/trim og dans.

​Nettside

På Lustrabadet finn ein aktivitetar og attraksjonar for både store og små. Me har blant anna eit Idrettsbasseng med seks baner på 25 meter, Stupetårn på 1, 3 og 5 meter, klatrevegg samt ei 65 meter lang sklie med tidtakingssystem. Du finn også ei kort og bratt droppsklie, samt barne- og knøttebasseng med luftbobler, fontene og sklie. Bade, bading, kos, hygge, moro, aktivitet, trening, velvære, vær, attraksjon.

Nettside

Luster idrettsråd skal arbeide for best moglege vilkår for idretten i Luster kommune. Idrettsrådet er ein felles arena for samarbeid mellom idrettslaga og kommunale myndigheiter og mellom idrettslag og idrettskrinsen.

E-post

Luster Idrettslag er eit allidrettslag i Luster Kommune. Aktiviteten er i hovudsak knytt til Luster sentrum ( Dale) og skiløypa på Jøng (Harastølen). Hovudaktivitet er tilbod for born, men me har og nokre aktivitetar som passar for ungdom og voksne.

Idrett, trening, volleyball, styrke, trim.

Nettside

Gåtur kvar tysdag, uansett ver. Oppmøte i Gaupne på parkeringsplassen ved Prix Kl. 10.00 (Mot hotellet) Ved turar i inste del av kommunen oppmøte på Lustrabui 10,15. Dei fleste turane er på 3-4 timar, inkl. matpause – køyring kjem i tillegg. Turane er for alle som likar å gå tur, og som ønskjer å vera med. Du treng ikkje vera medlem i LRF, ta med mat og drikke, og møt opp. Varer kun fram til 30.november i første omgang.

Facebook

Våre frivillige driv omsorgsaktivitetar og rednings- og beredskapsarbeid for å hjelpe, trygge og støtte menneske i lokalsamfunnet. Med deg på lage så kan me hjelpe endå fleire.

Omsorg, redning, beredskap, medmenneske, frivillig

Nettside

Luster Turlag har som føremål å arbeida for eit enkelt, aktivt, sikkert og naturvennleg friluftsliv. Turlaget har fire hytter; Fivla, Fuglesteg, Tungestølen og Eikjabu, i tillegg til eit kajakknaust der me tilbyr gratis lån av kajakkar for medlemmar.

Nettside

Dette er ei treningsøkt for kvinner og menn som likar å halde seg i form med utandørs trening til alle årstider! Her møter du motiverte og positive deltakarar med stå -på vilje! Som instruktør har eg mest fokus på enkle, effektive styrkeøvingar mest med eiga kroppsvekt.

Kontaktperson Aud Jorunn Høyheim.
Telefon: 41635549

​​​​Sjølvhjelpskurs

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Grandmo Lagshus. Opplæring, utdanning, norsk, samfunnskunnskap

Facebook

Lavterskeltilbod for personar over 16 år som har lettere til moderate vanskar med angst, depresjon, søvnvanskar.

Facebook

Ein sosial mø​​​teplass

Gaupne bygdalag skal vere ein aktiv pådrivar i den framtidige utviklinga av Gaupne som bygd og kommunesenter. Bygdalaget sitt mål er å sette fokus på viktige saker som er av betydning for bygda. Det er viktig for å skape engasjement, identitet og eigarforhold blant innbyggjarane på dei sakene ein arbeidar med, og som ein har som mål å få realisert. Store og små tiltak er like viktige, og tilsaman vil dei bidra til​ at Gaupne framover kan utvikle seg til å bli ei enda meir attraktiv bygd og framtidsretta kommunesenter for Luster sine innbyggjarar.

Facebook

Dei siste åra har me arrangert julegateopning, soppkurs og datakafé. Me er stikoordinator og samarbeidar med Hafslo idrettslaget og Hafslo sogelag er me stifaddrar for stiar på Hafslo. Me er også ansvarleg for Bokbytebui som de finn i Luster sparebank sine lokale på Hafslo, og er tilgjengeleg heile døgnet.

Bygdelag, soppkurs, julegran, advent, klatrepark, bokbytebui.

Facebook

Hafslo sogelag har til formål å fremja interesse for slekts- og lokalhistorie og kulturvern i heile gamle Hafslo kommune.

Nettside

Driv ulik aktivitet i Indre Hafslo. Arrangement og aktivitetar i nærområde og i “Ljosvang”. Meir info på facebook-gruppa og den lokale nettsida.

Nettside

Facebook

Så lenge laget har funnest, har Jostedal bygdelag skipa til 17. mai-feiringa i Jostedal samfunnshus. Hausten 2001 sette laget i gang ein vaffelkafe på dugnad tysdag og onsdag i samfunnshuset (mellom haustferie og påske), som har vore ein stor suksess. Bygdelaget driv òg den faste bingoen i bygda, annakvar fredag på Jostedal hotell. Tidleg i 2000-åra sytte bygdelaget for finansiering av brøytinga av Vanndalsvegen til stølen Myri, som er eit mykje brukt utgangspunkt for skiturar (mellom anna til Vangsen). Bygdelaget tok på same tida til å køyre skispor frå Bjønnstegane til Øy forbi Fåbergstølen. Dette har vore to viktige vintersporttiltak. Kring 2000 sytte ei nemnd under bygdelaget for å restaurere den gamle gjetarhytta på Viva i Sprongdalen. Utbetring og oppgradering av det kommunale Jostedal samfunnshus har elles vore viktig, som innkjøp av lyd- og lysanlegg og etablering av sandvolleyballbanar og kunstgrasbane. Bygdelaget er med på å skipe til musikkfestivalen Blåe tonar under breen. Jostedal bygdelag overtok òg kring 2000 ansvaret for Styggevasshytta, som har eit eige styre vald på årsmøtet i bygdelaget.

Facebook

Jostedal Ungdomslag er ungdomslaget i Jostedalen. Driv med Rockeverkstad, Ungdomsklubb og andre aktivitetar for ungdom og andre. Eks revy og festar. Er eigar av 2 ungdomshus Dølaheimen og Framheim. Rockeverkstad, Ungdomsklubb, Marknad, Påskeafta, fest, arrangement.

Facebook

Lokalt bygdelag. Driv ulike aktivitetar. Har ulike dugnadar og møter som ein kan vere med på for å delta i god utvikling av lokalsamfunnet.

Facebook

Luster hagelag er ein møtestad for hageinteresserte.
Vi tilbyr eit variert møteprogram med spennande foredrag, frø- og plantebyte, hagevandring og turar. Mange av medlemmane i hagelaget dyrkar sin eigen hage og har stor kunnskap som dei gjerne deler med andre.

​Facebook

Gågjengen: Det er kjekt å gå saman med andre, møt gjerne opp på måndagar kl 18 i krysset ved Tandla, då er turvennene klare til tur.

Facebook

Bygdelaget for alle som bur på Nes og Høyheimsvik.

Facebook​

Lokalt bygdelag. Driv ulike aktivitetar. Har ulike dugnadar og møter som ein kan vere med på for å delta i god utvikling av lokalsamfunnet.

Facebook

Lokalt bygdelag. Driv ulike aktivitetar. Har ulike dugnadar og møter som ein kan vere med på for å delta i god utvikling av lokalsamfunnet.

Facebook

Musikk, d​​ans, drama

Eit folkeakademi er eit ideelt lag som arbeider for å fremje eit allsidig kulturliv i kommunen, til dømes ved å arrangere foredrag, konsertar, teater eller andre typer kulturprogram.

Facebook

BLANDAKOR med svært allsidig repertoar. Me øver kvar MANDAG kl 19 på musikkrommet på Hafslo barne- og ungdomsskule. Dirigent er Gunta Tarta.

Kor, sosialt, fellesskap, song, bygdakor, konsert, underhaldning.

Facebook​

Hafslo skule- og ungdomskorps er eit tilbod for deg som er 7-8 år eller eldre. Korpset er delt inn i tre einingar, aspirantar, juniorar og hovedkorps, som tek utgangspunkt i kor lenge du har spelt. Me er så heldige å ha Elin Nina Fossheim som dirigent. Øvingane er prega av mykje speling, men òg samvær, latter og glede i samspel med andre. I løpet av året har Hafslo skule- og ungdomskorps ulike spelejobbar og arrangement som alle kan komme på.

Facebook

"Sprø sangglede" er eit damekor som har øvingar kvar onsdag kveld kl 19.30 - 21.30. Me er ein gjeng som synes det er kjekt å synge ilag! Me har øvingar på Fjordstova på Skjolden. Her øver me først ca 1 time, så tek me ein liten kaffi/te pause, før me øver siste økt. Likar du å synge så er du velkommen til oss!

Sang, sosialt, musikk, kor.

Kontaktperson i Sprø Sangglede: Monica Furås

Telefon: 97101727

Tre lag som er engasjert i folkemusikk/dans i Indre Sogn. Driv med spel og dans innafor dette. Både speleøvingar og danseøvingar.

Facebook

Religiøse m​​øte

Fortun Bedehus ligg i Luster kommune, ca 1 km innover Fortunsdalen frå der Fv 55 svingar over Sognefjellet.

Facebook​

Religiøse møter, basar, søndagsskule, familiemøter, ungdomsklubb.

Nettside

På bedehuset har me aktivitetsklubb for barn og unge, søndagsmøter, bønemøter og misjonsmøter. Me leiger også ut til fødselsdagslag, dåpsselskap, konfirmasjonsfestar/selskap og til andre ålmennyttige føremål.

Kjellargjengen er ein aktivitetsklubb på bedehuset. Me har ulike aktivitetar som bordtennis, brettspel, filmkveld ol. Kvar kveld avsluttast med kveldsmat. 

Facebook

Kontaktperson for Hafslo Bedehus: Bodil Brennesvik.

Telefon: 95869664

Luster Familiemøte er ei kristen forsamling som har møter på bedehuset i Gaupne.

Her er det frisk lovsang, andakt, søndagskule for barna og kaffi/kaker etter kvart møte. Me ønskjer alle velkommen til oss.

Facebook

Frivillig arbeid​​

På Gaupne Omsorgssenter finn du omsorgsplassar og omsorgsbustadar som er drifta av heimetenesta. Me har og korttidsavdeling med KAD senger. Tre dagar i veka er aktivitetsstova open for aktivitetar for dei som bur her, samt at det er mogleg å søke om dagplass desse dagane. På aktivitetsstova er det ulike aktivitetar igjennom veka, har og samarbeid med både frivillige organsisasjonar og td barnehagen. Bingo, andakt, underhaldning, konsert.

Nettside

Hafslo omsorgssenter har omsorgsplassar for demente, dagsenter og aktivitetsstove. Me har el-sykkel til bruk for turar med dei eldre. Vil du bli godkjent som sykkelsjåfør? Du er hjarteleg velkommen. Ta kontakt med Ruth Karin for opplæring. 

Konsert, underhaldning, bingo, andakt.

Nettside

Luster frivilligsentral skal vere ein lokalt forankra møteplass som skal styrkje, stimulere og hjelpe einskildpersonar, lag og organisasjonar til å samarbeide og vidareutvikle frivillig innsats i tiltak som er til glede og nytte for dei som bur i kommunen, samt eit knutepunkt mellom desse og det offentlege.

​Nettside

Facebook

Instagram

Luster omsorgssenter ligger idyllisk til i Luster, med høge fjell og nær fjorden. vi har 30 sjukeheimsplassar og 18 omsorgsboligar. Fire dagar i veka er aktivitetsstova open for aktivitetar for dei som bur her. På aktivitetsstova er det ulike aktivitetar igjennom veka, har og samarbeid med frivillige organsisasjonar. Vi har el-sykkel som vi kan kjøre tur med de eldre, har du lyst å få opplæring på disse, ta kontakt med Liv Norunn  Hunshamar.

Nettside​

Dyr​​

Luster hundeklubb er ein kommunedekkande klubb open for alle hundeinteresserte. Klubben arrangerer ulike kurs og prøvar, medlemsmøte og samlingar. Medlemmene i klubben er aktive innan blodspor/ettersøk, Agility, Lydighet, Rallylydighet og utstilling. Fleire har fått fine plasseringer på ulike bruksprøvar som lydigheit, Rallylydighet, Agility, gjetarhundprøver, brukshundprøve, ulike jaktprøvar m.m. Klubben holder til på gamle Nes Camping.

Dyr, Hund, Kurs, Trening, Konkurranse

Nettside

Facebook

An​​na

Frisklivssentralen Sogn er ei interkommunal helsefremjande og førebyggande helseteneste for Luster og Sogndal kommune. Frisklivssentralen Sogn gir tilpassa og tidsavgrensa oppfølging gjennom individuell rettleiing og gruppebaserte tilbod.

Frisklivssentralen Sogn gir primært støtte til endring av levevanar og meistring av helseutfordringar knytt opp mot fysisk aktivitet, kosthald og snus- og røykeslutt.

Frisklivssentralen Sogn kan også gi rettleiing og tilbod knytt til psykiske belastningar, søvnvanskar og risikofylt alkoholbruk.

Frisklivssentralen Sogn arbeidar også med førebyggjande arbeid innan desse områda, samt at ein tilbyr ulike læring- og mestringskurs knytt til kosthald, snus- og røykeslutt, depresjonsmeistring, kurs til pårørande for personar med demens m.m.

Alle kan få oppfølging av Frisklivssentralen og det er gratis å få oppfølging. Ta kontakt i dag om du lurer på om dette kan vere noko for deg! Me ser fram til å høyre frå deg.

Nettside

Fysioterapitenesta arrangerer aktivitetar og gruppetimar. Ellers har dei vanleg fysioterapi.

Nettside

Biblioteket ligg i andre etasje i Pyramiden senter i kommunesenteret Gaupne. Det er gratis tilgang til datamaskiner med skrivar. Biblioteket tilbyr trådlaust nettverk for deg som vil bruke eigen pc/telefon/nettbrett. Nettverket er også tilgjengeleg i området utanfor biblioteklokalet.

Facebook​

Luster kommune ønskjer å vera ein kommune som legg til rette for aktivitet og deltaking for alle! Dette er ei fellesside for aktiviteter som skjer i regi av Luster kommune. Det vil seie aktivitetar frå feks fysioterapeutane, psykisk helseteam, Luster Helsestasjon og andre kommunale einingar. Ønskjer du å vera medlem i gruppa vår, så logg deg inn i Friskus og be om medlemskap.

Facebook

Nettside

Norsk Forening for utviklingshemmede i Luster. Driv “roseklubben”. Roseklubben er ein klubb for personar med utviklingshemming. Klubben blir driven av styret i NFU Luster lokallag i samarbeid med foreldre og dei utviklingshemma. Roseklubben er i utgangspunktet den siste fredagen i månaden frå kl. 18-21. På klubben har me ulike aktivitetar, spel, sosialt samvèr, utlodning og kiosk med sal av pølse m/brød og brus. Ingen påmelding - det er berre å møte opp med godt humør.

Facebook​


Sist oppdatert 19.01.2023