Fritidstilbod i Aurland kommune
Eit utval forskjellige fritidstilbod i Aurland kommune for deg som er 18 år eller eldre. Du treng ikkje bu i kommunen for å nytte dei fleste av desse tilboda.
Handarbeid
Aurland Husflidslag har aktivitetskveldar og kurs innan husflid. Laget samarbeider med
andre lag og organisasjonar i kommunen om ulike arrangement.Husflidlaget held til i
Hopastova. Dato og klokkeslett finn du i kalenderen når dei er fastsett.
Sport/aktivitet
Idrettslaget tilbyr mange forskjellige aktivitetar for vaksne: Fotball, handball, innebandy, step og styrke, klatring, friidrett, boksing, basket og dykkergruppe. Medlemskontigent: 150kr + 250kr treningavgift. 500kr for å delta, dersom ein ønsker tilgong til alle aktivitetane. Dersom du ønsker å delta ta kontakt med Alf Sigurd eller trenaren i den aktuelle klubben.
Kontaktperson: Alf Sigurd Strømsnes, mob: 413 02804
Ei gruppe for dei som ynskjer å halda seg oppdaterte på kva som skjer i i bokseklubben til Aurland IL. På facebook vert det lagt ut informasjon om klubben og datoar for kampane og kvar dei er, slik at alle som vil og kan kan komma å støtta opp om utøvarane.
Tilbodet gjeld for personar som er registrerte i Aurland kommune. Snøscooterkjøring på
bana på Grønestølen i Aurland, dersom ein skal delta treng ein gyldig førerkort på
snøscooter, scooteren må vere forsikra. Medlemskontigent 250kr i året.
Kontakt Jørgen på mob: 99367081 dersom du ønsker å delta.
Kontakt Jørgen på mob: 99367081 dersom du ønsker å delta.
Kontaktperson: Jørgen Buene Ryum, mob: 99367081
Aurland Jakt og Fiskelag ble stifta i 1973. Dei er tilknytta Norges Jeger og Fiskerforbund.
Deira hovudmål er å gjere jakt & fiske tilgjengelig for alle. Jakt og fiskelaget er tilpassa alle aldre. Har egne kontakter for ungdom og kvinner.
Skyttarlag.
Dersom du ønsker å delta, trykk deg inn på nettsida, søk opp Blåfjell i søkefeltet, trykk på namnet og fyll ut “innmelding-bli medlem” nede til høgre.
Dersom du ønsker å delta, trykk deg inn på nettsida, søk opp Blåfjell i søkefeltet, trykk på namnet og fyll ut “innmelding-bli medlem” nede til høgre.
Ønsker du å prøve yoga eller mindfullness er fjordyoga noko for deg. Her gjer ein øvingar som styrker kropp og sinn, som gjer det betre rusta til å møte kvardagen. Du finn all info på nettsida.
Som ett av LHLs mange lokallag ønsker dei å gi et godt og variert tilbud til hjerte- og
lungesyke, slagrammede, personer med astma og allergi og alle pårørende.
Lokallaget drives av frivillige, og dei vil gjerne ha med fleire. Aktivitetane er åpne for alle - uavhengig av helsesituasjon og medlemskap i LHL. Du kan lese meir om nokre av
aktivitetane i aktivitetskalenderen på nettsida.
Eit lite skytterlag der alle er velkomne. Treningsskudd er gratis. Her kan du gå opp til
jaktprøve og få skytetrening.
Kontaktperson: Tormodd Underdal. E-post: undredal@skytterlag.no
Sosial møteplass
Aurland filmklubb er ein klubb som viser 4 filmar i året frå august-desember og Jan-mai. Følg med på facebook for å få info om når. Dei har og foredrag òg regissørforedrag. Filmane vert vist på Trudvang Kino.For å bli medlem kjøper ein semesterkort på 50kr, deretter vil kvar enkelt film koste 50kr.
Sosial møteplass for pensjonistar (samvær, sang og musikk). Møtast ein gong i månaden, dette vert annonsert under “kva skjer” kalenderen på heimesida til Aurland kommune og i avisa Aurlendingen. Held til i kantina på helsetunet i Aurland. For å bli medlem kjøper ein semesterkort på 50kr, deretter vil kvar enkelt film koste 50kr.
Kontaktperson: Ingebjørg Stormoen, Mobil: 407 26 769
Ungdomsarbeid.Dersom ein ønsker å bli medlem kan ein melde seg inn i facebookgruppa og sende ei melding til Siri på telefon. Informasjon om når dei har arragement vert lagt ut på facebook. Medlempris er 250kr i året (for ei familie). Her har dei dameklubbar, gløggkveldar, basarar m.m.
Kontaktinfo: Siri Larsen Ramsøy Tlf. 412 65 212
Ungdomslag i Vassbygdi i Aurland kommune. Driv med ungdomsarbeid. Ønsker du å delta, meld deg inn i facebookgruppa.
Musikk, dans, drama
Blandakor i aurland for vaksne. Møtast kvar onsdag kl 1900-2100 i Aurland Idrett-og
samfunnshus.
Kom og dans Aurland er eit nyoppstarta dansetilbod i Aurland. I facebookgruppa vil det bli spreidd informasjon om dansekurs og aktiviteter. Alle danseinteresserte i distriktet er velkomne til å bruke gruppa aktivt til å inspirere andre til å ta turen ut på dansegulvet.
Bratsj-band. Her kan ein vere med å spele messinginstrument. Torsdagar på Flåm
samfunnshus frå kl.18.45 - 21.00.
Frivillig arbeid
Saniteten er ei 2.linjeteneste til rødekors, saniteten bidreg med mat, kle og omsorg, besøk nettstaden for meir informasjon.
Støttegruppe under Flåm musikklag. Ei gruppe som hjelp musikklaget med tilstelningar av arragement, matsalg og kva det måtte vere. Kven som helst kan vere med, men per no er medlemma i alderen 65 og oppover.
Her hjelp musikkens venner til med matlaging, salg osv.
Møtes og 1 gong i måneden å diskuterar neste arrangement, drikk kaffi og har sosialt samvær. Dersom ein ønsker å delta er det berre å møte opp på møtet eller tilstellingane, kontakt Marit på telefon.
Kontaktperson: Marit Berge, Mob:48201962
Anna
Lokallag organisert under Norsk Revmatikerforbund (NRF). Aurland revmatikerlag vart stifta i 1989 og har i dag ca. 35 medlemer. NRF har som formål å forebygge og bekjempe revmatiske sykdommer og muskel- og skjelettplager. Foreningen ble stiftet i 1951 av personer med en revmatisk diagnose. Ingen vet bedre enn denne gruppen hva som trengs for å leve gode liv med de utfordringene det innebærer. Deres bidrag og innsikt er derfor avgjørende i foreningens arbeid. Ønsker du meir informasjon, vil du finne dette på nettsidene.
Aurland Sogelag arbeider for vern og formidling av lokalhistorie i Aurland kommune. Aurland Sogelag vart skipa i 1929, og fekk overta den gamle lensmannsstova på Onstad frå Aurlandsfallene AS. Der bygde dei opp “Sivlesamlinga”. ”Sivlesamlinga” inneheld kring 100 gjenstandar og bøker etter diktaren Per Sivle. No er denne samlinga flytta til Kulturhuset på Vangen. I 1954 starta laget arbeidet med skriving av bygdesoga og gards- og ættesoge for Aurland. Dersom du ønsker å delta, sjå nettsida.
Organiserte under Hørselshemmedes Landsforbund (HL). Lokallaget består av frivillige som gjer ein viktig jobb for hørselssaka i ditt nærmiljø. Mange lokallag har også likepersoner som er gode støttespillere for andre hørselshemmede. Du finn din nærmaste likeperson her.
Dersom du ønskar mer informasjon om lokallagets arbeid, møter eller andre aktivitetar gå inn på nettsida og ta kontakt. Ønsker du sjølv å bidra for hørselssaka, er du hjertelig
velkomen.
Venner av Aurlandsdalen driv med dugnad. Ønskar å fremje interesse for vedlikehald av
stien i Aurlandsdalen. Gå inn på facebooksida å ta kontakt dersom du ønsker å delta.
Sist oppdatert 19.01.2023