Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ambulant team (FACT)

Tradisjonell behandling er i utgangspunktet laga for pasientar som klarer å forholde seg til vekentlege avtalar, hugsar kvar som vart diskutert sist og kan be om innlegging ved kriser, til tider ukontrollert rusbruk o.a. Det er ikkje alle pasientar som klarar å nyttiggjere seg denne type behandling. Mange av desse pasientane har ei alvorleg kronisk liding som til tider vil krevje livslang oppfølging av både kommunane og spesialisthelsetenesta. Dette kan FACT-teamet hjelpe med.

Eksempel på dette er pasientar med psykoselidingar, tvang utan døgnopphald, ROP pasientar, alvorlege bipolare lidingar oa. For å hjelpe desse pasientane har vi eit eige ambulant team som jobbar utprega ambulant og samarbeider særs tett med pasient og kommunale hjelpeinnstansar. Teamet er bemanna slik at dei kan respondere raskt og intensivt ved kriser. Vi har tilsett lege, psykolog og høgskuleutdanna behandlarar i teamet.

Per dags dato har vi ikkje ei formaliserte samarbeidsavtale og/eller arbeidsfellesskap med kommunane  i vårt opptaksområde og vi kaller difor tilbodet eit modifisert FACT team. Inntak til teamet blir gjort gjennom henvisning frå fastlege eller intern henvisning frå Dag- eller Døgnpost ved senteret.

Kontakt

Telefon

kl. 08.00-15.30

Kontakt oss via eDialog

Slik finn du fram

Adresse

Dalavegen 29
6856 Sogndal