Vi er eit moderne distriktspsykiatrisk senter som gjev tenester til innbyggjarane i sju kommunar i indre Sogn.
Geografisk er vi lokalisert i Sogndal kommune (Rutlin). Vi har allmennpsykiatrisk sengepost (seksjon døgn). I tillegg har vi allmenn psykiatriske poliklinikk, ruspoliklinikk, alderspsykiatrisk team og ambulant team som er organisert i seksjon dag.
Sogndal Skysstasjon ligg i Sogndal sentrum og er om lag ein kilometer frå Indre Sogn psykiatrisenter.
På nettsidene til Kringom.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.
Frå Sogndal er det også gode bussamband til Bergen og Oslo.
På nettsidene til Kringom.no finn du Ekspressbåtruter med oversikt over stoppestadar og tider for rutene mellom Sogndal og både Bergen og Måløy/Selje.
Det går direkte flybuss frå Sogndal Lufthamn Haukåsen til Sogndal Skysstasjon ved alle fly som kjem. Frå Sogndal Skysstasjon går flybussen 70–75 minuttar før alle flyavganger – rutetider på nettsidene til Kringom.no
Det er mogleg å parkere gratis på området for pasientar og besøkande.
Drosjesentralen i Sogndal er ved Skysstasjonen. Ved behov kan våre tilsette i resepsjonen bestille taxi til deg.
Alle dei tre sjukehusa i Helse Førde har kantiner som tilsette, pasientar og pårørande kan nytte.
Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen.
Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. I Førde finn du også ein pasientkafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid fram til klokka 19.00 frå måndag til fredag. I denne kafèen kan du no også kjøpe varm mat.
Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle dagar frå klokka 10.00-13.30.
Kantina på Tronvik er open for tilsette og beburar.
Visittider sengepostane: Etter avtale.
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.