Vi informerer, behandlar, rettleiar, tek i mot bestillingar og koordinerer reiser etter Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-6 (Rett til sjuketransport).
Les om dine rettar på helsenorge.no
Få hjelp på 05515
05515 er eit nasjonalt telefonnummer som set deg i kontakt med det lokale pasientreisekontoret.
Venteareal
Pasientar som ventar på pasientreise kan gjere dette i eit eige, tilpassa areal i 1. etasje ved Førde Sentralsjukehus.
Opningstider:
Bemanna areal måndag til fredag kl. 08.30 -18.00 - Telefon: 05515
Tilbod:
Bemanna med ein drosjekoordinator frå Pasientreiser.
Enkel servering i form av frukt, kjeks, kaffi og te. Personalet har ikkje helsefagleg utdanning.
e-dialog:
Innlogging ved hjelp av personleg eID.
Lenke til elektronisk adresse