Informasjon om overgrepsmottaket
Overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane er eit lågterskeltilbod for alle som har blitt utsett for seksuelle overgrep og vald i nære relasjonar. Her finn du informasjon om undersøkingar som er gjort i mottaket, anbefalt oppfølging og kva avtalar som blir planlagt for tida etter.

Om overgrepsmottaket
Overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane er eit lågterskeltilbod for alle som har blitt utsett for seksuelle overgrep og vald i nære relasjonar. Vi gir rask medisinsk hjelp og rådgiving, har ope heile døgnet og yter hjelp uavhengig av om du ønsker å melde hendinga til politiet eller ikkje.
Alle som jobbar ved overgrepsmottaket har tausheitsplikt.
Vi er her for deg og dine behov. Det er du som bestemmer kva du ønsker hjelp til, og det er ingenting som blir gjort utan at du samtykker til det.
Du vel sjølv om du vil ta imot heile eller berre delar av tilbodet. Ved undersøking kort tid etter overgrepet, samlar vi bevis som kan brukast i rettssak. Desse bevisa blir låst inn hos oss. Vi utleverer ingen bevis eller opplysningar utan at du har gitt skriftleg løyve til det.
Det som blir journalført når du er i overgrepsmottaket, blir skrive i det vi kallar «skjerma journal». Det vil seie at notatane berre er tilgjengelege for dei som behandlar deg i overgrepsmottaket. Dersom du blir lagt inn på sjukehuset av andre årsaker på eit seinare tidspunkt, vil ikkje legane og sjukepleiarane som behandlar deg då, ha tilgang til det som er dokumentert i skjerma journal.
Oppfølgingstilbod og nettressursar
Overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane v/SYS-IKL
Svanehaugsvegen 2, Hildrabygget ved Førde sentralsjukehus
6812 Førde
Telefon: 116 117 eller 57 72 37 48
SMS: 94 44 69 84
Nok. Norge
Nok. er eit tverrfagleg, gratis og lågterskel hjelpetilbod til personar utsett for seksuelle overgrep, og deiar pårørande.
Nok. Sogn og Fjordane
Hornnesvegen 1
6809 Førde
Telefon: 57 72 10 70
Krisesenteret Sogn og Fjordane
Tilbyr tryggheit og hjelp ved overgrep. Du treng ikkje bu på senteret for å få hjelp.
Telefon: 57 76 36 00 og 91 71 26 18