Overgrepsmottaket ligg i eigne lokale i bygg Aust ved Førde sentralsjukehus, har skjerma inngang og du kan komme til mottaket utan å treffe på andre enn sjukepleiar og legen som tek imot deg. Du kan også komme til oss ved kontakt med legevakta SYS-IKL.
PRAKTISK INFORMASJON
Du kan henvende deg anonymt, og treng ikkje oppgje personalia eller kva saka gjeld, før du vert satt over. Du kan ta kontakt på telefon for rådgiving eller få avtale om oppmøte hjå oss. Du kan også ta kontakt på vegne av andre enn deg sjølv. Du treng ikkje tilvising frå lege for å komme til oss.
Du får dekka transport til overgrepsmottaket. Undersøking, medisinsk behandling og oppfølginga du får vil vere utan kostnad for deg. Du får også tilbod om gratis bistandsadvokat.
Det er viktig at du kjem til overgrepsmottaket snarast mogleg etter eit overgrep, for å få den beste helsehjelpa og best mogleg dokumentasjon av kva som har skjedd. Det er viktig å ikkje vaske seg eller byte klede før du kjem til oss. Kom som du er! Det er ingen tidsfrist for å ta kontakt, og du kan også ta kontakt med oss, lang tid etter at overgrepet har skjedd.
Vi har teieplikta etter helsepersonellova. Alle opplysningar som vert gitt til oss vert lagt i lukka journal. Du bestemmer sjølv kva informasjon som kan gå vidare til eigen lege eller andre i hjelpeapparatet. Det er den overgrepsutsette sjølv som vel om saka skal anmeldast eller ikkje, og dette spørsmålet treng du ikkje å ta stilling til når du kjem til oss.
BEHANDLING
Vi gir behandling med omsyn til infeksjonsrisiko, uønskt graviditet og eventuelt fysiske skadar etter eit overgrep. Du får hjelp til oppfølging vidare i helsesporet i høve fysisk og psykisk helse. Du får tilbod om gratis bistandsadvokat i inntil 4 timar, og historia og rettsmedisinske spor vert dokumentert på ein måte som held i rettsystemet. Dette gjer det enklare for dei overgrepsutsatte dersom dei i etterkant vel å anmelde saka, og sikrar deira rettstryggleik i tillegg til den medisinske behandlinga.