Dei fleste pasientane våre er innlagt som øyeblikkeleg hjelp via akuttmottak.
Resten er planlagt innlegging. Dei møter i Innskrivinga i 1. etasje og blir teken imot av personale på utgreiingsposten.
Liggetida er vanlegvis 2-3 dagar.
Hos oss er det tilsett sjukepleiarar/spesialsjukepleiarar, hjelpepleiarar, helsefagarbeidarar, i tillegg er vi praksisplass for sjukepleie- og legestudentar og lærlingar innan helsefag. Vi har tett samarbeid med medisinsk sengepost 1 både med personale og sengeplassar.
I tillegg til sengepost har vi ein utgreiingspost som følgjer opp pasientar som er i eit utgreiingsforløp innan dei ulike sjukdomane.
Utgreiingsposten er ein dagpost mandag –fredag. Desse pasientane overnattar på pasienthotellet i 6.etg., eller på ein anna sengepost som vi har avtale med.
Hos oss har vi pasientar med:
- KOLS
- Lungekreft
- Tuberkulose
- Blodpropp
- Ulike typar infeksjonar
- Ulcerøs colitt
- Morbus Chron
- Magesår
- Sjukdommar i lever, galle og bukspyttkjertel