Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Medisinsk sengepost - Nordfjord sjukehus

Medisinsk sengepost er ein heildøgns sengepost med totalt 18 senger, inkludert 3 overvakingssengar. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord, og tek i mot det meste av augeblikkleg hjelp frå dette området.

På medisinsk sengepost behandlar vi hjerneslag, hjerte- og lungesjukdommar, gastroenterologi, endokrinologi/diabetes, medisinsk avrusing, kreftomsorg, lindrande behandling og geriatri.
I tillegg har vi ansvar for dialyseeininga ved Nordfjord sjukehus.

Dei fleste av våre pasientar kjem inn som augeblikkelig hjelp, men vi har også nokre som kjem inn som planlagde, eller via open kontakt.

Som pasient hjå oss vil du treffe eit personale med høg kompetanse. Vi har legar med spesialitetar innan hjarte, gastroenterologi og generell indremedisin. Sjukepleiarane våre har spesialitetar som kardiologi, geriatri, intensiv, anestesi, lunge, kreft og lindrande, i tillegg har vi både nyutdanna og erfarne sjukepleiarar. Vi har også hjelpepleiarar, helsefagarbeidarar. Vi er praksis-/ og lærlingplass for sjukepleiarstudentar og helsefagarbeidarar.

På medisinsk sengepost behandlar vi fleire diagnosar, nokre i tett samarbeid med spesialitar i Førde eller Haukeland, og i dei aller fleste tilfella i samarbeid med kommunane i Nordfjord:

  • Hjerneslag ( i samarbeid med nevrolog i Førde)
  • Hjerte- og lungesjukdommar (Ved hjarteinfarkt, ustabil angina pectoris, i samarbeid med Haukeland)
  • Gastroenterologi
  • Endokrinologi/diabetes
  • Medisinsk avrusing ( i samarbeid med Rusposten ved Nordfjord psykiatrisenter)
  • Kreftomsorg (i samarbeid med kreftlegar i Førde og på Haukeland)
  • Lindrande behandling (i samarbeid med palliativ team)
  • Geriatri

På dialyseeininga har vi 8 plassar, med behandlingar 6 dagar i veka. Denne eininga har tett samarbeid med dialyseposten i Førde, og har nyrespesialistar frå Førde som kjem på visitt jamnleg. (henvise til dialyseposten i Førde)

Kontakt

Kontakt oss via eDialog

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Medisinsk sengepost ligg i 2. etasje på Nordfjord sjukehus og kan kontaktas på telefonnummer 57864150.

Dialysen ligg i 1.etasje på Nordfjord sjukehus og kan kontaktas på telefonnummer 57864152, i tida 08.00-15.00.

Einingsleiar for begge einingane kan kontaktas på telefonnummer 57864156 i kontortid måndag til fredag.

En person som sitter på en benk foran en bygning

Nordfjord sjukehus

Sjukehusvegen 14

6770 Nordfjordeid