Tilvising frå lege
Alle pasientar som kjem til poliklinikken er tilvist frå lege eller eit anna sjukehus.
Utgreiing og kontroll
Etter at diagnose er stilt vil legen vurdere om du vil ha nytte av ytterlegare medisinsk behandling.
Ein del pasientar med kroniske sjukdommer kjem regelmessig til kontroll hos spesialist hos oss.
Kontakt
Ekspedisjonen til poliklinikkane ligg til venstre nå du kjem inn i hovudinngangen.
Meld deg i ekspedisjonen når du kjem, du vil då bli sendt vidare til den poliklinikken du skal til.
Ta også kontakt med ekspedisjonen etter besøket for registrering og betaling - også om du har frikort.
Behandling
Hjartepoliklinikk – utgreiing av hjartesjukdomar
- Ultralyd hjarte
- Belastnings EKG - sykkeltest
- 24 timers registrering hjarterytme
- 24 timers registrering blodtrykk
- Hjartesviktoppfølging
Mage/tarm-poliklinikk
- Gastroscopi – undersøkelse av magesekk
- Coloscopi – undersøkelse av tjukktarm
- Du vil også få rettleiing og oppfølging av kroniske tarmsjukdomar
Infusjonspoliklinikken
- Her gjev vi legemidler som intravenøs behandling, direkte i ei blodåre, vi gjev biologiske legemidler og cellegift
- Behandling til pasientar med ulike medisinske diagnosar, kreftsjukdom, revmatologiske-, og mage-/tarm-lidingar
- Infusjonspoliklinikken har tett samarbeid med legespesialistar på Førde sentralsjukehus/Haukeland sjukehus
- Cellegiftkurer blir starta på kreftavd. Førde sentralsjukehus/Haukeland sjukehus og fortsett på lokalsjukehus
- Rettleiing og informasjon om sjukdom og behandling
- Råd og rettleiing i forhold til ulike plager og symptomer samt oppfølging av eventuelle biverknader av behandlinga
Eldremedisinsk poliklinikk
- Utredning av eldre pasienter med samansette sjukdommer
- Vi utgreier falltendens, polyfarmasi (legemiddelbruk) og demens
- Tverrfaglig team bestående av geriater, indremedisinsk lege, ergoterapeut, fysioterapeut, geriatrisk sjukepleiar og farmasøyt
Diabetespoliklinikk
Vi har tilbud til pasientar med diabetes med behov for oppfølging, opplæring i blodsukkermåling, diabetespumpe, kostrettleiing, m.m.
Hjarterehabilitering poliklinikk
Test av hjarte- og lungekapasitet, vurdering av hjartelege, opplæring, trening og individuelle samtaler for å fremje meistring og livskvalitet.
Telemedisin
Nordfjord sjukehus arbeider aktivt med å utarbeide tilbod der pasientar kan få vurdering og behandlingstilbod via telemedisin. Her føregår konsultasjonane ved at pasientar får direkte kontakt med legen via video (medisinsk avstandsoppfølging).